Spodumen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Spodumen
Spodumene-usa59abg.jpg
Walnut Hill Pegmatite Prospect i Huntington i Hampshire County i Massachusetts i USA (Storleik: 14.2 x 9.2 x 3.0 cm)
Generelt
KategoriSilikatmineral, pyroxene
Kjemisk formelLitiumaluminiumsilikat, LiAl(SiO3)2
KrystallsymmetriMonoklin 2/m
Einingscellea = 9.46 Å, b = 8.39 Å, c = 5.22 Å; β = 110.17°; Z = 4
Identifikasjon
FargeSærs variabel: kvit, fargelaus, grå, rosa, lilla, fiolett, gul and grøn, kan vere tofarga; smaragdgrøn - hiddenitt; lilla - kunzitt
Krystallformprismatisk, generelt flattrykt og langstrekt, stripete parallell til {100}, vanlegvis massiv
KrystallsystemMonoklin; 2/m
TvillingVanleg på {100}
KløyvPerfekt prismatisk, to retningar {110} ∧ {110} ved 87°
BrotUjamn til undermuslig
FastleikSprø
Mohs hardleiksskala6.5–7
Glansglasaktig, perleaktig på kløyv
Strekfargekvit
Spesifikk vekt3.03–3.23
Optiske eigenskapar
Optiske eigenskaparToaksa (+)
Brytingsindeksnα = 1.648–1.661 nβ = 1.655–1.670 nγ = 1.662–1.679
Dobbeltbrytingδ = 0.014–0.018
PleokroismeKraftig in kunzitt: α-lilla, γ-fargelaus; hiddenitt: α-grøn, γ-fargelaus
2V-vinkel54° til 69°
Smeltbarheit3.5
Oppløyselegheituoppløyseleg
Andre eigenskaparTenebrescens, chatoyans, kunzitt ofte fluorescerande under UV[treng kjelde]
Kjelder[1][2][3][4]

Spodumen er eit mineral i pyroksengruppa, eit litiumaluminium-silikat, LiAlSi2O6. Det finst på granittpegmatittar og er eit viktig råstoff for framstilling av litiumsambindingar, særleg i USA. Klåre typar blir brukt som edelsteinar: kunzitt (ljos fiolett) og hidenitt (grøn).

Spodumen vart først skildra i 1800 etter ein førekomst ved typelokalitetenUtö i Södermanland i Sverige.

Spodumen er i Noreg kjent som eit sjeldan mineral frå ein granittpegmatitt ved Ågskaret i Meløy kommune i Nordland.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Spodumene, Mindat.org
  2. Anthony, John W., Bideaux, Richard A., Bladh, Kenneth W., and Nichols, Monte C. (1990). Handbook of Mineralogi. Mineral Data Publishing, Tucson, Arizona
  3. Hurlbut, Cornelius S.; Klein, Cornelis, 1985, Manual of Mineralogi, 20th ed., ISBN 0-471-80580-7
  4. Deer, Howie and Zussman, Rock Forming Minerals, v. 2 Chain Silicates, Wiley, 1963 s. 92-98

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]