Spontanfraktur

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Patologisk fraktur av overarmsbeinet (humerus) med metastase av renalcellekarsinom.

Spontanfraktur eller patologisk fraktur er eit knokkelbrot som følgje av sjukdom som svekkar knokkelstrukturen.[1][2] Denne prosessen kjem oftast av osteoporose, men kan òg kome av andre patologiar som til dømes kreft, infeksjon, arvelege knokkkelsjukdommar og knokkelsvulstar. Berre nokre få tilstandar er vanlegvis ansvarlege for spontanfrakturar, inkludert oseoporose, osteomalasi, Pagets sjukdom, osteitt, osteogenesis imperfecta, godarta knokkelsvulstar og cyster, sekundære vondarta knokkelsvulstar og primære vondarta knokkelsvulstar.

Skøyrheitsfraktur er ein spontanfraktur som skjer ved vanleg aktivitet, som til dømes ved eit fall frå ståhøgd eller mindre. Tre frakturområder er typiske for skøyrheitsbrot, nemleg vertebrale frakturar, brot i lårhalsen og brot i distal ende av radius (Colles fraktur). Denne definisjonen har oppstått fordi eit menneske normalt skal kunne tåle eit fall frå ståhøgde utan å bryte knoklar, og eit brot tydar difor på veikskap i skjelettet.[3]

Spontanfrakturar visar seg oftast som tverrbrot som ligg 90 grader på den lange aksen av knokkelen. Ved patologisk kompresjonsfraktur av ein ryggvirvel er det vanleg at heile virvellekamen kollapsar.

I tilfelle der andre patologiar er utelukka, til dømes kreft, så er spontanfrakturar diagnostiske for osteoporose, uavhengig av beintettleiken.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Kåss, Erik (13. februar 2009). «patologisk fraktur». Store Medisinske Leksikon. Store Medisinske Leksikon. Henta 27. desember 2014. 
  2. Schichtling, Ellen (13. februar 2009). «spontanfraktur». Store Medisinske Leksikon. Store Medisinske Leksikon. Henta 27. desember 2014. 
  3. Fractures & Dislocations
  4. «Preparatomtalet» (PDF). Legemiddelverket. Legemiddelverket. Henta 27. desember 2014. 
Spire Denne medisinartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.