Spoon av Can

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Spoon
Singel av Can
frå albumet Ege Bamyasi
Utgjeve 1972
Innspelt Inner Space Studio, Köln
Sjanger Krautrock
Lengd 3:03
Selskap United Artists
Låtskrivar(ar) Can
Produsent Can

«Spoon» er ein song av krautrockgruppa Can frå 1972. Han vart opphavleg gjeve ut som ein singel med «Shikaku Maru Ten» som b-side. «Spoon» vart òg gjeve ut på studioalbumet Ege Bamyasi seinare det året.

Songen var første gong Can nytta ein trommemaskin i lag med ekte trommer, noko som var uvanleg i popmusikken på denne tida. Singelen nådde sjetteplassen på singellista i Tyskland tidleg i 1972[1] fordi han vart nytta som kjenningsmelodi i den tyske TV-thrilleren Das Messer (etter Francis Durbridge). Etter at singelen vart ein suksess heldt Can ein gratiskonsert i Kölner Sporthalle i Köln den 3. februar 1972.

«Spoon» vart òg nytta Lynne Ramsay-filmen Morvern Callar (2004). Det populære indierockbandet Spoon tok namnet sitt frå denne songen, og det same gjorde Can sitt eige plateselskap, Spoon Records.

«Spoon» vart remixa av både Sonic Youth og System 7 for albumet Sacrilege.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Ehnert, Günter (1999). HIT BILANZ Deutsche Chart Singles 1956-1998. Taurus Press. ISBN 3-922542-60-3.