Sporting Braga

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sporting Braga-spelarane klar til bortekamp i Europaligaen mot polske Lech Poznan i februar 2011

Sporting Clube de Braga er eit idrettslag frå byen Braga i Portugal, i Noreg best kjend som Sporting Braga eller berre Braga. Idrettslaget vart stifta i 1921. Fotballklubben til Sporting Braga har spela fast i øvste fotball-divisjonen i Portugal sidan 1975.

Sporting Bragas einaste store triumf på fotballbana kom i 1966 med siger i den portugisiske cupen. Sidan den gong har klubben spela seg fram til tre nasjonale cupfinalar, alle har enda med tap. Klubben gjorde sin beste ligasesong då han i 2010 kom på andreplass i den portugisiske toppdivisjonen, fem poeng bakom serievinnaren Benfica. Dermed var Braga kvalifisert for Europaligaen, der laget i 2011 slo seg gjennom heilt til finalen. Sjølve finalen vart spela i Dublin og var eit heil-portugisisk oppgjer ettersom FC Porto var det andre finalelaget. Braga tapte 0-1.

Sporting Braga spelar heimekampane på Estádio Municipal de Braga, nybygd til EM i 2004. Stadion-anlegget tek imot inntil 30 286 tilskodarar. Laget spelar i raude trøyer med kvite armar, kvite bukser og raude strømper.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]