Sportsklubben Gjøvik-Lyn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Fotballklubben Gjøvik-Lyn er ein fotballklubb i Gjøvik, stifta 1. februar 1902. Gjøvik-Lyn vart norsk meister i 1962, etter å ha vunne 2-0 over Vard frå Haugesund. Også i 1914 spelte klubben NM-finale, då vart det tap mot osloklubben Frigg. Laget spelar i heilkvite drakter.

Soge[endre | endre wikiteksten]

Laget vart stifta med Sportsklubben Thor, eit namn som året etter vart bytta til Sportsklubben Lyn. Etter at ski- og skeiseavdelingane i klubben braut ut i 1910, skifta den atter namn, då til Fotballklubben Lyn. Klubben nådde NM-finalen i 1914, ein kamp Frigg vann 4–2. To år seinare kom Lyn til semifinale i NM, men tapte mot Ørn frå Horten. Også i 1924 spelte klubben seg til semifinale i cupen, då vart det tapt mot Odds Ballklubb.

I 1949 vart klubbnamnet endra til Sportsklubben Gjøvik-Lyn, for ikkje å verte forveksla med Lyn frå Oslo. Klubben spelte i Landsdelsserien fram til 1962, då det makta å kvalifiserse seg til 1. divisjon. Same året vann Gjøvik-Lyn noregsmeisterskapen med 2-0 over Vard i finalen, begge finalemåla putta av Rolf Bjørn Backe. Også i den komande sesongane gjorde laget det godt i NM, med semfinalespel i 1963, 1965 og 1966. Opphaldet i 1. divisjon varte eitt einaste år, 1963, då klubben vart nummer ti og sist. Gjøvik-Lyn rykte ned frå 2. divisjon i 1968, og har aldri sidan spelt på nivå to i norsk fotball.

Frå 2014 heiter laget Fotballklubben Gjøvik-Lyn.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]