Idrettsspel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Sportsspel)
Dataspelet Solipskier baserer seg på skikøyring

Idrettsspel eller sportsspel er ein dataspelsjanger som simulerer utøving av idrettar. Det har vore utvikla dataspel basert på dei fleste idrettane ein kjenner til, mellom anna lagidrett, ekstremidrett og kampsport. Nokre spel legg vekt på sjølve utøvinga av idretten (som FIFA, Pro Evolution Soccer og Madden NFL), medan andre handlar om strategi og handsaming av idrettane på overordna nivå (som Football Manager og Out of the Park Baseball). Andre spel, som Need for Speed og Punch-Out!!, satiriserer idrettane for ein komisk effekt.

Idrettssjangeren har vore populær innan dataspel opp gjennom tidene og legg gjerne vekt på tevling, slik som i idrettar på ekte. Nokre spelseriar inneheld namn og karakteristikkar av ekte lag og spelarar, og blir årleg oppdaterte for å reflektere endringar som hender i røynda.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne dataspelartikkelen som har med idrett å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.