Sporvognstrafikk i Afrika

Ein trikk frå Heliopolis køyrer inn til endehaldeplassen på Ramses stasjon i Kairo.
Sporvogn var og er mindre vanlege i Afrika enn i dei andre verdsdelane. Men i Egypt har både Kairo og Alexandria sporvognsliner som delvis er i drift framleis, og i Sør-Afrika var det tidlegare sporvogn i byar som Johannesburg og Pretoria.
I Kairo er bysporvogna no ute av drift, men forstadsbanen til Heliopolis går framleis. Det gjer òg eit nokså nytt sporvognsnet i nabobyen Helwan 25 kilometer sør for Kairo.
I Alexandria køyrer to skilde net. Bysporvogna har gule vogner, nokre av dei kjøpt lite brukt frå København. Forstadsbanen køyrer blå vogner i trevognstog, nokre òg i to etasjar.