Språkbad
Språkbad eller immersjon er ein metode for språklæring der eit andrespråk eller framandspråk forsettleg blir nytta i omgjevnaden til den som skal læra det, som oftast på skule eller i barnehage.
Skildring
[endre | endre wikiteksten]Immersjon byggjer på tanken om at eleven lærer seg andrespråket på same måte som morsmålet sitt, gjennom å nytta det i verkelege kommunikasjonstilhøve.[1] Målet med immersjon er å oppnå tospråklegheit, at eleven lærer seg andrespråket uten at evnene i morsmålet blir svekka.[2] Immersjonen varer vanlegvis i fleire år, og læraren bør vera tospråkleg. Dessutan er samarbeidet mellom heim og skule viktig.[3]
Kor mykje ein nyttar morsmålet og andrespråket i språkbadet varierer, og språkundervising blir halden i fleire ulike format:
- tidleg fullstendig språkbad betyr at læringa på eit anna språk blir gjort i førstninga (når språkbadet byrjar) og at morsmålet kjem inn seinare. Kring femte eller sjette klasse blir morsmål og andrespråket haldne i nær balanse, og andrespråket svarar til mindre enn halvparten.
- tidleg delvis språkbad, andrespråket blir brukt litt mindre i førstninga enn ved fullt språkbad.
- forseinka språkbad, språkbadet byrjar først i slutten av grunnskulen eller ved byrjinga av vidaregåande.[4]
Undervising på andrespråk har funne stad i mange delar av verda i lang tid. Den noverande pedagogikken er likevel ganske ny.
Språkbad i ulike land
[endre | endre wikiteksten]Sidan byrjing av 1980-talet har språkbad (immersió lingüística) vore nytta i det katalanske skulevesenet for å styrka stillinga til katalansk i det katalanske samfunnet i høve til fleirtalsspråket spansk i Spania.[5] Det katalanske systemet blir ofte sett på som ein suksess, fordi det har bidratt til auka tospråklegheit i regionen, òg blant spansktalande. Samtidig bidrog innføringa av det katalanske språkbadet til at regionen mista eit stort tal spanskspråklege lærarar, og systemet blir utsett for nye utfordringar i eit miljø der stadig fleire innvandrarspråk er representerte i dei katalanske skulane.[6]
I Finland nyttar ein hovudsakleg tidlege og fullstendige språkbad. Språkbad blir mellom anna nytta blant skoltesamar.
På ei avdeling av Porfygårdens barnehage i Älvdalen i Sverige har ein nytta språkbad for å læra barn älvdalska.[7] Dette blei bestemt før valet 2014, og blei innført av Älvdalens kommune hausten 2016.[8]
Effekt av språkbad
[endre | endre wikiteksten]Studiar har vist at immersjon er ein effektiv undervisingsmetode og at morsmålutviklinga ikkje tar skade, og at immersjon gjer det mulig å oppnå ein fungerande tospråklegheit. Dette tyder at dei passive språkkunnskapene til elevane liknar dei til innfødde, medan den aktive ikkje held det same nivået. Dugleikane i alle språklege område utviklar seg heller ikkje på same måte, som i høve til grammatikk, fonetikk og ordforråd. På den andre sida har immersjon vist betre resultat enn nokon annan språklæringsmetode. I tillegg utviklar elevane ei positiv tilhøyring til språket og kulturen.[9]
Ideen om språkbad kan bidra til at eit lokalt språk utsett for konkurranse frå eit kulturelt dominant riksspråk kan få sterkare feste i den nye generasjonen. Dette er mellom anna erfaringa i Catalonia.[10]
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Järvinen et al. s. 230.
- ↑ Järvinen et al. s. 231.
- ↑ Järvinen ym. s. 232.
- ↑ Järvinen et al. s. 232.
- ↑ Blanca Gispert/Magda Gregori (2014-03-06): "La immersió lingüística: un model d'èxit". Vilaweb.cat. Läst 4 november 2014. Mal:Ca
- ↑ Balsells, Ferran (2011-09-15): "Spanish or Catalan? A controversy that is anything but academic". Elpais.com. Läst 4 november 2014.
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av ein artikkel frå Engelsk Wikipedia .
- ↑ «Alla lär sig älvdalska på Herrgårdens förskoleavdelning». Sveriges Radio. 26 april 2019. Henta 5 januari 2020.
- ↑ «Barn i förskolan ska språkbada i älvdalska». Sveriges Radio. 16 mars 2016. Henta 5 januari 2020.
- ↑ Järvinen s. 237-238.
- ↑ Ortiz, Fiona (2014-07-14): "Catalan language revival fuels backlash in Spain". Arkivert 19. april 2015 på Wayback Machine. reuters.com. Läst 19 april 2015.
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av ein artikkel frå Engelsk Wikipedia .
- Denne artikkelen bygger på «Språkbad» frå Wikipedia på svensk, den 4. september 2024.
- Wikipedia på svensk oppgav desse kjeldene:
- Järvinen, Heini-Marja & Nikula, Tarja & Marsh, David: Vieraskielinen opetus. Kari Sajavaara & Arja Piirainen-Marsh: Kielenoppimisen kysymyksiä, 1999, s. 229-258. Jyväskylä: Soveltavan kielentutkimuksen keskus, Jyväskylän yliopisto. ISBN 951-39-0621-3.
- Wikipedia på svensk oppgav desse kjeldene: