Språkdød

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Språkdød vil seia at eit språk ikkje lenger er i vanleg bruk som eit levande språk, men er eit døydt språk utan språkleg utvikling. Det er vanleg å rekna med at dette skjer når det ikkje lenger finst morsmålsbrukarar av språket. Frå denne augneblinken går ikkje språket lenger gjennom ei naturleg utvikling, men stivnar fast i eit uforanderleg og stivt stadium.

I moderne tid (ca. 1500 til no, etter utviklinga av kolonialisme) ha språkdød typisk funne stad som følgje av kulturell assimilering som fører til språkskifte og at ein gradvis går vekk frå innfødde språk til fordel for eit utanlanlandsk lingua franca, typisk eit språk frå Europa.[1][2][3] I 2010 meldte UNESCO at rundt 2 500 språk var truga av utrydding. Dei siste tre generasjonane har 250 språk døydd ut.[4]

Sjølv om eit språk er dødt betyr ikkje det at det ikkje lenger finst. Eit dødt språk kan vera godt dokumentert, lærast bort som framandspråk, og i nokre samanhengar òg bli vidareført både som skrift- og talespråk. Latin er eit godt døme på dette – språket er dødt, men blir framleis brukt i fleire samanhengar, og det er mange som beherskar språket sjølv om ingen har det som morsmål. Døde språk kan òg gjenopplivast, med visse fonologiske avgrensingar. Eit godt døme på dette er dei keltiske språka kornisk og manx, som begge er blitt kalla utdøydde, men som i dag igjen blir lærte bort til barn som morsmål.

Det er fleire grunnar til at språkdød finn stad. Ein grunn kan vera at alle brukarane av eit språk døyr. Den største grunnen er likevel eit språkskifte der brukarane går over til andre språk. Dette kan koma av at større eller mektigare språk trenger seg på, og at brukarane av dei døyande språka meir eller mindre frivillig går over til desse språka, fordi det gir meir prestisje, eller fordi det gir dei fleire moglegheiter i samfunnet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. Byram, Michael; Hu, Adelheid (26. juni 2013). Routledge Encyclopedia of Language Teaching and Learning (på engelsk). Routledge. ISBN 978-1136235535. 
  2. Walt, Christa Van der (1. mai 2007). Living Through Languages: An African Tribute to René Dirven (på engelsk). AFRICAN SUN MeDIA. ISBN 9781920109707. 
  3. Hall, Christopher J.; Smith, Patrick H.; Wicaksono, Rachel (11. mai 2015). Mapping Applied Linguistics: A Guide for Students and Practitioners (på engelsk). Routledge. ISBN 978-1136836237. 
  4. «Smått». Språknytt. 2009. Arkivert frå originalen 2010-05-01.