Språket cora

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Cora
naáyarite
Klassifisering Uto-aztekiske språk
Bruk
Coratalande i alt 33 000
Normert av Secretaría de Educación Pública
Språkkodar
Glottolog cora1260

Cora (naáyarite) er eit språk i den uto-aztekiske språkfamilien som blir snakka av folkegruppa cora, som sjølv kallar seg naáyaritefolk. Folkegruppa held til i fjella nord i den meksikanske delstaten Nayarit. Cora er eit mesoamerikansk språk og har mange av trekka som er typiske for dette språkområdet. I den meksikanske «Lova om lingvistiske rettar» blir cora definert som eit nasjonalspråk med same «verdi» og rettar som spansk og resten av dei opphavlege språka i Mexico.[1]

Det er to hovudvariantar av cora. Den eine vert kalla cora del Nayar eller cora meseño, og vart i 1993 snakka av om lag 9 000 menneske. Den andre varianten vert kalla cora de Santa Teresa, og vart snakka av rundt 7 000 menneske.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]