Hopp til innhald

Språket koro

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Koro
Klassifisering Sinotibetanske språk
 Tibetoburmansk
  Koro
Bruk
Tala i  India
Språkkodar
ISO 639-3 jkr
Glottolog koro1316

Koro er eit sinotibetansk språk som blir snakka av rundt 800 menneske i distriktet East Kameng i den indiske delstaten Arunachal Pradesh. Sjølv om det har ein del fellestrekk med tanispråka som blir snakka lenger aust, ser det ut til å utgjera ei eiga undergruppe. Talarane av koro bur blant akaene.

Språket vart skildra nærare hausten 2010 av David Harrison, Gregory Anderson og Ganesh Murmu medan dei arbeidde med å dokumentera to hrusospråk for National Geographics «Enduring Voices»-prosjekt. Dei hadde vorte fortalde at koro var ein dialekt av aka, men det viste seg å vera svært ulikt aka.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]