Språket yaqui

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Yaqui
Yoem Noki (azc)
Klassifisering uto-aztekisk
 Taracahittisk
  Cáhita
Bruk
Yaquitalande i alt 12 230
Språkkodar
ISO 639-3 yaq

Yaqui eller hiaki er eit uto-aztekisk språk som blir snakka i Sonora i Mexico og Arizona i USA, grenseområda mellom Mexico og USA. Yaqui har til saman rundt 12 230 talarar, 11 800 av dei i Mexico.[1]

Ortografi og fonologi[endre | endre wikiteksten]

Yaqui blir skrive med ulik ortografi i USA og Mexico. Vokalane er representert på same måte i dei to ortografiane, yaqui har dei same fem vokalane som spansk (a, e, i, o, u), og dei blir skrive på same måte. Vokalane kan vere kort eller lang, vokallengd er markert med dobbelskriving av vokalane.

Yaqui har konsonantane b, ch, (d), (f), (g), h, k, l, m, n, p, r, s, t, v, w, y, og ein eller to glottal plosiv. Lydane d, f, g finst berre i lånord.

Morfologi[endre | endre wikiteksten]

Yaqui har kasus, akkusativ har suffikset -t (evt. -a for stammar på -t). Fleirtalsendinga er -im for konsonantstammar og -m for vokalstammar.

Adjektiv har mykje til felles med verb, dei blir t.d. bøygd i tempus.

Syntaks[endre | endre wikiteksten]

Yaqui er eit SOV-språk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Yaqui ved ethnologue.com