Språkhistorie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Språkhistorie, eller historisk lingvistikk, er studiet om korleis naturlege språk endrar seg over tid, både studiet av konkrete språkfamiliar (og dermed språkslektskap) og allmenne prinsipp for språkleg endring.

Ei sentral hending i lingvistikken si historie er trykkinga i 1788 av eit føredrag William Jones heldt i The Asiatic Society i 1786 i Bengal. Her viser han at sanskrit, gresk, latin, gotisk, keltisk og persisk alle går attende til eit no utdøydd urspråk. Ei tilsvarande oppdaging vart gjort noko tidlegare, då János Sajnovics i 1770 publiserte ei avhandling som viste at finsk, samisk og ungarsk hadde same opphav. Felles for Sajnovics og Jones var at dei såg at språk hadde endra seg over tid, til skilnad frå tidlegare teoriar om språkslektskap, som samanlikna ulike språk i notida utan å sjå at språka kunne ha endra seg.

Desse idéane vart gjort til emne for seriøs gransking eit par tiår seinare, i Danmark i 1818 av Rasmus Rask og i Tyskland av Jacob Grimm. Dei viste korleis germanske språk skilde seg frå andre indoeuropeiske språk ved at lukkelydar blir til frikativar i ei serie av tre ulike vekslingsrekker. Relevant for språkistorisk metodologi er at denne innsikta opna opp for ei systematisk utforsking av lydovergangar frå eitt språksteg til det neste.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Grimm, Jacob 1822: Deutsche Grammatik. Zweite Ausgabe Bd. 1. Dieterich, Göttingen.
  • Rask, Rasmus 1818: Undersøgelse om det gamle Nordiske eller Islandske Sprogs Oprindelse. København.