Språkprisen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Språkprisen er ein pris som årleg vert tildelt av Språkrådet for framifrå bruk av norsk språk i sakprosa. Prisen blei skipa i 2007 og erstatta Norsk språkpris. Kvart år blir det delt ut to prisar, ein for nynorsk og ein for bokmål.

Prisen er på 50 000 kroner, eit kopartrykk av Kjell Nupen og eit diplom. Utdelinga er under Språkrådets årlege konferanse, Språkdagen.

Prisvinnarar[endre | endre wikiteksten]

  • 2007: Karin Sveen, for sine essaysamlingar. (Dette året delte Språkrådet ut berre éin pris.)

Nynorsk[endre | endre wikiteksten]

  • 2008: Kjartan Fløgstad
  • 2009: Stephen Walton, for bøkene Den teksta versjonen. Amerikanisering og modernitetens intellektuelle (2006) og Skaff deg eit liv. Om biografi (2008)
  • 2010: Jon Hellesnes, for bøkene Illusjon?, Om livstolking og Det femte monarki og andre essay
  • 2011: Agnes Ravatn, "for bøkene Stillstand (2009) og Folkelesnad (2010) og for virket hennar som spaltist og kommentator i Dag og Tid" [1]
  • 2012 Marta Norheim, for bøkene Røff guide til samtidslitteraturen og Friksjonar. Essay frå kulturelle grenseområde
  • 2013 Edvard Hoem for biografien om Bjørnstjerne Bjørnson (4 bind, 2009-2013)

Bokmål[endre | endre wikiteksten]

  • 2008: Anders Johansen
  • 2009: Bokprosjektet Flerspråklighet i skolen ved redaktør Rita Hvistendahl
  • 2010: Elisabeth Aasen, for bøkene Barokke damer, Bergenske kvinner og Opplysningstidens kvinne (2008)
  • 2011: Morten A. Strøksnes, "for bøkene Hva skjer i Nord-Norge? (2006) og Et mord i Kongo (2010) og for hans virke som spaltist og kommentator i dagspressen." [2]
  • 2012 Erik Tunstad , for bøkene Darwins teori og Juks
  • 2013 Gyrid Gunnes for boka Stemmer. Å forkynne Guds ord klart og urent. Utkast til en feministisk prekenpraksis (2013)

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]