Språkrørsledagen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bengalsk språkdemonstrasjon i Dhaka den 21. februar 1952.

Språkrørsledagen (bengali ভাষা আন্দোলন দিবস, bhasha andolon dibosh), også kalla språkmartyrdagen eller berre martyrdagen, er ein bangladeshisk nasjonaldag den 21. februar. Dagen er til minne om drapa på fleire fredelege demonstrantar frå den bengalske språkrørsla som fann stad på denne datoen i 1952.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

I 1948, året etter at Pakistan blei oppretta, blei mindretalsspråket urdu erklært som einaste offisielle språket i landet. Dette fekk stor motstand i det folkerike bengalitalande Aust-Pakistan, og den bengalske språkrørsla voks fram.

Dei pakistanske styresmaktene erklærte alle former for møte ulovlege. I motstand mot dette skipa studentar i Dhaka ein demonstrasjon den 21. februar 1952. Politiet prøvde å stoppa dei med tåregass og arrestasjonar. Då demonstrantar omringa den austbengalske lovgjevande forsamlinga opna politiet eld og skaut fleire av dei. Hendingane førte til sterke reaksjonar frå bengalarane. Butikkar, arbeidsplassar og offentleg transport gjekk med ein gong inn i ein storstreik. Neste dagen samla over 30 000 seg ved Universitetet i Dhaka.

Året etter blei den 21. februar, kjend som «martyrdagen» minna med ein ny storstreik, og folk over heile provinsen hadde svarte merke i støtte for dei drepne. Til eit folkemøte i Dhaka kom det 100 000. I 1954 fekk bengali status som offisielt språk i Pakistan. Motsetnadane mellom aust og vest skulle likevel føre til ein blodig lausrivingskrig i 1971.

Shaheed Minar blei bygd nær medisinfakultetet i Dhaka til minne om språkmartyrane.

Markering[endre | endre wikiteksten]

Dagen blir markert årleg i Bangladesh og til ein viss grad i indiske Vest-Bengal.

I 1999, etter ei oppfordring frå Bangladesh, erklærte UNESCO den 21. februar som internasjonal morsmålsdag.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]