Språkreir

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Språkreir er ein barnehage eller stad som fungerer som barnehage der små barn via språkbad lærer eit språk og ein kultur. Dei vaksne som arbeider i språkreiret snakkar dette språket, og bruker det ovafor ungane. I Noreg er språkreir i bruk for sørsamisk, lulesamisk, nordsamisk og kvensk. I Finland er det i bruk for enaresamisk og skoltesamisk, i Estland for võro og i Russland for karelsk.

Språkreir som metode[endre | endre wikiteksten]

Språkreir som metode kjem frå maoriane sitt arbeid frå og med 1982 i New Zealand,[1] der maori var i ferd med å bli assimilert av engelsk. Ordet språkreir er ei omsetjing av det maoriske ordet kōhanga reo.

Språkreiret skil seg frå tidlegare tiders fornorskingspolitikk ved at ungane får lov til å snakke sitt eige morsmål, og at dei vaksne rundt dei også forstår og reagerer på språket deira, ikkje berre på språket i språkreiret.

Språkreir for ulike språk[endre | endre wikiteksten]

For enaresamisk starta Kielâpiervâl, det enaresamiske språkreiret, i Enare i 1997, i ein situasjon der berre eit par familiar snakka enaresamisk med barna sine. Som ei oppfølgjing av dette vart enaresamisk gjort til undervisningsspråk i skolen i Enare i 2000. Sidan oppstarten har rundt 100 barn gått på enaresamisk språkreir.

I følgje Annika Pasanen[2] er erfaringa frå det enaresamiske språkreiret er at barna får ei passiv språkforståing i språkreiret i løpet av eit par månader. Kor lang tid det tar barna å ta språket i aktiv bruk varierer i langt større grad. Nokre barn snakkar tidleg og blandar språket frå starten av, mens andre tar språket sjølv seint i bruk, og snakkar i større grad enaresamisk utan finsk. For alle barna er det i enaresamisken stor påverknad frå finsk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar
  1. «New Zealand: The Maori». Al Jazeera. 17. juli 2014. Henta 28. mars 2015. 
  2. Pasanen 2015.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]