Spread Your Wings

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Spread Your Wings
Singel av Queen
frå albumet News of the World
B-side Sheer Heart Attack
Utgjeve 10. februar 1978
Innspelt 1977 at Sarm West and Wessex Studios
Sjanger Hardrock
Lengd 4:32
Selskap EMI, Elektra (US)
Låtskrivar(ar) John Deacon
Produsent Queen og Mike Stone
Queen-kronologi
«We Are the Champions» /«We Will Rock You»
(1977)
Spread Your Wings «It's Late»
(1978)


«Spread Your Wings» er ein ballade av rockebandet Queen, gjeven ut i 1977 på albumet News of the World.[1] Han var skriven av bassisten John Deacon, og gjeven ut på singel med «Sheer Heart Attack» som B-side i 1978. Freddie Mercury spelar piano og vokal, Brian May spelar elektrisk gitar, Roger Taylor spelar trommer og John Deacon bassgitar. Ein konsertversjon av songen finst på albumet Live Killers frå 1979.[1] Singelen nådde 34. plassen på singellista i Storbritannia.

Teksten skildrar ein ung, uroleg mann, Sammy, som arbeider på The Emerald Bar, der han kostar golvet.[2] Forteljaren oppfordrar Sammy til å forfølgje draumane sine, og bed han om «spreie vengjene og fly av stad» (spread your wings and fly away).[2]

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Lister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1978) Plassering
Nederland (Nederlandsk Topp 40)[3] 20
Nederland (Mega Single Top 100)[4] 26
UK Singles (Official Charts Company)[5] 34

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Songen vart spelt av det tyske power metal-bandet Blind Guardian i 1992 på albumet Somewhere Far Beyond. Den same innspelinga kom ut på The Forgotten Tales i 1996.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Your Wings News of the World: Spread Your Wings (Track 5) Ultimate Queen. Henta 29. juni 2016
  2. 2,0 2,1 Spread Your Wings Allmusic. Henta 29. juni 2016
  3. "Nederlandse Top 40 – Queen search results" (på nederlandsk) Nederlandsk Topp 40. Stichting Nederlandse Top 40. Henta 6 Oktober 2013.
  4. "Dutchcharts.nl – Queen – Spread Your Wings" (på nederlandsk). Mega Single Top 100. Hung Medien / hitparade.ch. Henta 18. juni 2013.
  5. "februar 1978/ Archive Chart" UK Singles Chart. Official Charts Company. Henta 6 Oktober 2013.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]