Springaren Ragnhild Hægard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

«Ragnhild Hægard», eller «Nordlendingen», er ein norsk springar som er mykje nytta i Telemark. Slåtten er mellom anna forma ut av Hans Hansson Flatland og teken opp av Torkjell Haugerud. Ragnhild Hægard var ei jente frå Hægard i Tinn. Ho var god til å danse, og lika godt denne springaren. Det er og fortald at ho tralla på slåtten medan ho låg i barselseng. Namnet «Nordlendingen» peikar mot ei tilknyting til Vestlandet, der slåtten har vore nytta av mellom andre Ola Mosafinn. På Voss heiter springaren «kjepphesten».

Det er rimeleg å tenkje seg at slåtten er komen til Telemark med Myllarguten, og seinare bygd ut der.

Variantgruppa[endre | endre wikiteksten]

Slåtten har katalognummer 508 i hardingfeleverket. Dei fleste formene av slåtten er skrivne opp i Telemark, og ei form er frå Numedal. Forma etter Mosafinn, Kjepphesten, er ikkje teken med i lista.

  • «Kjepphesten» vart skriven ned av Arne Bjørndal i 1908. Mosafinn hadde lært slåtten etter tralling, og Bjørndal trykte han i Norske slåttar. Bjarne Ljones hevdar at slåtten «ikkje har nære slektningar», men hardingfeleverket jamfører altså slåtten med denne slåttegruppa. Slåtten finst i Arne Bjørndals samling som nr 2235. Mosafinn skulle ha fått slåtten frå Jo Stakseng i Øvre Eidfjord, Jo i Gryteskardet dei kalla. Jo tralla slåtten for Ola medan han heldt ein kjepp opp som boge og lest som han spela. Etter denne trallinga var det at Ola bygde ut slåtten og gav han namnet «Kjepphesten».
  • b: Ragnhild Hægard, etter Torkjell Haugerud, Bø i Telemark. Nedskrift Eivind Groven 1961 etter opptak i NRK (G 1361, NRK magn. 595).
  • d: Nordlendingen, etter Olav R. Berge, Rauland. Nedskrift Eivind Groven 1920 (G 744). Den minste forma i gruppa.
  • e: Ragnhild Hægard, etter Johannes Dale, Tinn. Nedskrift Eivind Groven 1960 (G 1284).