Springfield i Massachusetts

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Springfield
by
Land  USA
Stat Massachusetts
Del av New England
Areal 85,681505 km²
Folketal 155 929 (1. april 2020)[1]
Kart
Springfield
42°06′45″N 72°32′51″W / 42.112411°N 72.547455°W / 42.112411; -72.547455
Wikimedia Commons: Springfield, Massachusetts

Springfield er ein by sørvest i delstaten Massachusetts i USA med 155 929 ibuarar i 2020. Byen er fylkessete i Hampden County og ligg i eit storbyområde med ikring 700 000 fastbuande. Springfield ligg på austbreidda av Connecticut-elva, 39 kilometer nord om Hartford, hovudstaden i Connecticut, på vestbreidda av elva.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Springfield vart grunnlagt i 1636. Under den amerikanske revolusjonen vart Springfield utpeika til å hyse staten USA sitt våpendepot, grunna den sentrale plasseringa til byen. Der laga ein dei såkalla Springfield-riflene, våpenet som soldatane i unionist-hæren nytta under borgarkrigen i USA. Våpendepotet Springfield Armory vart nedlagt i 1968 og er i dag museum. Museet hyser verdas største samling av historiske amerikanske skytevåpen.

I dag er byen den økonomiske hovudstaden i denne delen av Massachusetts.

Den fyrste amerikanske ordboka, den fyrste USA-amerikanske gassdrivne bilen og den fyrste maskinelle dreiebenken med utskiftbare delar, såg alle dagens lys i Springfield. I 1891 vart idretten korgball skapt i Springfield. Bokforlaget Merriam-Webster har hatt hovudkontor i byen sidan det vart grunnlagt i 1831.

Springfield.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Springfield i Massachusetts
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 https://data.census.gov/cedsci/table?t=Populations%20and%20People&g=0100000US,%241600000&y=2020; vitjingsdato: 1. januar 2022.