Springtime in Nagasaki

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Springtime in Nagasaki
Studioalbum av Tangerine Dream
Utgjeve April 2007
Innspelt Februar 2007
Sjanger
Lengd 54:01
Selskap Eastgate
Produsent Edgar Froese
Tangerine Dream-kronologi
Tangerine Dream Plays Tangerine Dream
(2006)
Springtime in Nagasaki Madcap's Flaming Duty
(2007)


Springtime in Nagasaki er det 100. albumet totalt og det 37. studioalbumet til den tyske electronicagruppa Tangerine Dream, utgjeve i april 2007.[1]

Albumet var det første av fem album i ein serie kalla Five Atomic Seasons av Tangerine Dream.

I følgje plateomslaget skal Tangerine Dream i november 2006 ha fått eit tilbod frå ein 82 år gammal japansk forretningsmann, som hadde budd og studert i Nagasaki og Hiroshima i 1945 då begge byane vart råka av atombomber. Dei fem komposisjonane måtte vere 54 minuttar lange. Musikalsk skulle del ein og to, våren og sommaren 1945, omhandle tida då klienten budde i Nagasaki, og skildre ein normal atmosfære. Han budde i Hiroshima hausten og vinteren 1945, og musikken skulle skildre kva som skjedde etter 6. august 1945. Den femte plata skulle vere «tida etter», den såkalla «endelause årstida».[1]

Dei seks komposisjonane på plata flyt saumlaust over i kvarandre. Tre av dei er komponerte av Edgar Froese og dei tre andre av Thorsten Quaeschning. Stilmessig har albumet ei noko mørk stemning og kan minne om «klassiske» Tangerine Dream-album.[1]

I mars 2009 kom albumet ut på ny med nytt plateomslag.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Nr.TittelLengd
1.«Navel of Light, Part One»8:02
2.«Navel of Light, Part Two»14:44
3.«Navel of Light, Part Three»7:42
4.«Persistence of Memory, Part One»6:32
5.«Persistence of Memory, Part Two»13:11
6.«Persistence of Memory, Part Three»3:50

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 «Springtime in Nagasaki». Voices in the Net. Henta 22. juli 2020.