Sprongdalshytta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 61°44′25.5″N 7°29′18.4″E

Sprongdalshytta

Sprongdalshytta er ei sjølvbetent turisthytte i Luster kommune i Sogn og Fjordane. Hytta ligg 1250 m.o.h, øvst i Sprongdalen på grensa til Oppland.

Sprongdalshytta vart oppført av Norges vassdrags- og energidirektorat i 1985 som erstatning for Styggevasshytta, som vart råka av Breheimen-utbygginga. Hytta er eigd av folket i øvre Jostedalen, men vert disponert av Den Norske Turistforening. Sprongdalshytta har 12 sengeplassar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]