Sprosse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vindauge med sprosser sett innanifrå

Sprosser er lister i vindaugsruter som deler flata i mindre delar.[1] Desse er der for både pynt og funksjon.[2] Dei kan brukast for å endra uttrykk og presentasjon av vindauget og huset, og kan dessutan hindra at fuglar flyr inn i vindauga.

Fram til kring 1700 kunne ein berre tilverka glas i særs små format, og i større vindauge måtte ein setja inn fleire ulike glasruter. Dei vart då haldne saman med sprosser av bly, valsa til ein H-profil.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «sprosse» i Nynorskordboka., «Sprosse» i Det Norske Akademis ordbok
  2. «Utenpåliggende klipssprosser», Natre vinduer (på engelsk), arkivert frå originalen 14. desember 2021, henta 14. desember 2021