Sputnik 3

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
Modell av Sputnik 3

Sputnik 3 var ein sovjetisk satellitt. Han vart skoten opp frå Bajkonur-kosmodromen 15. mai 1958.

Sputnik 3 var kjegleforma, 3,57 meter lang og vog 1,327 tonn. Han hadde med seg 12 instrument som gav data om trykk og samansetjinga til den øvre atmosfæren, tettleiken av ladde partiklar, foton i kosmisk stråling, tunge atomkjernar i kosmisk stråling, magnetiske og elektrostatiske felt og meteor-partiklar. Dei ytre strålingsfelta til jorda vart merka under ferda.

Sputnik 3 var i bane kring jorda fram til 6. april 1960.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]