Squillacebukta
Squillacebukta | |||
bukt | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Del av | Det joniske havet | ||
![]() Squillacebukta |
Squillacebukta (italiensk Golfo di Squillace; latin Scylleticus Sinus eller Scyllaceus Sinus; gresk Σκυλλητικὸς κόλπος, Skullitikos kolpos) er ei bukt i Det joniske havet langs kysten av Calabria i Italia.
Bukta, som er kjend for den vakre naturen, er ein del av Det joniske havet og utgjer delar av austkysten av regionen Calbria. Ho har fått namn etter kystbyen Squillace.
I antikken vart bukta kalla Scylleticus Sinus, etter byen Scylletium, som Strabo nemner ligg på austkysten av Bruttium (i dag Calabria).[1] Det har vore mange skipsforlis i bukta gjennom tidene og ho har ingen naturlege hamner langs kysten.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- ↑ (Strab. vi. s. 261.)
- Denne artikkelen bygger på «Gulf of Squillace» frå Wikipedia på engelsk, den 30. oktober 2007.