Srem

Koordinatar: 45°10′12″N 19°17′17″E / 45.170°N 19.288°E / 45.170; 19.288
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Srijem)
Kart over Srem

Srem (serbisk Срем; kroatisk Srijem; ungarsk Szerémség; latinsk Syrmia) er eit frodig område på Den pannoniske sletta i Europa, mellom elvane Donau og Sava. Området er delt mellom Serbia i aust og Kroatia i vest.

Det meste av Srem høyrer til distrikta Srem og Sør-Bačka i Vojvodina i Serbia. Mindre delar rundt Novi Beograd, Zemun og Surčin høyrer til byen Beograd. Den vestlegaste delen av området ligg i det austlege Kroatia, i Vukovar-Srijem fylke.

Byar[endre | endre wikiteksten]

Byar i Srem:

Petrovaradin, Sremska Kamenica, Sremski Karlovci og Beočin ligg geografisk i Srem, men er ein del av Sør-Bačka distrikt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

45°10′12″N 19°17′17″E / 45.170°N 19.288°E / 45.170; 19.288