Ståle Dyrvik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ståle Dyrvik
Fødd 26. oktober 1943 (77 år)
Yrke historikar, professor, skribent

Ståle Dyrvik (fødd 26. oktober 1943) er ein norsk historikar fødd i Vågan i Nordland, oppvaksen i Etne i Hordaland. Han har for det meste forska på norsk historie i tida mellom om lag 1600 og 1814, lokalhistoria for Etne, samt i særemnet historisk demografi. Dyrvik har ho også arbeidd med sosialhistorie og mentalitetshistorie. Han var førsteamanuensis ved Universitetet i Bergen frå 1975 til 1988, sidan professor ved same instituisjonen.

Dyrvik gav i 1968 ut fyrste bandet av fembandsverket Etne-soga, eit verk han fullførte i 1995. Dei fyrste banda var sentrale verk i utviklinga av den bygdesoge-sjangeren. Ut av arbeidet med lokalhistoria i Etne leverte han i 1971 hovudfagsoppgåva Befolkningsutvikling og sosiale tilhøve i Etne prestegjeld 1665–1801.

Bibliografi i utval[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]