Ståle Engen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ståle Engen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 29. juni 1947 (76 år)
Idrett friidrett
Utmerkingar

Kongepokal

Hans Ståle Engen (fødd 29. juni 1947) er ein tidlegare friidrettsutøvar frå Drammen som i 1970 sette norsk rekord i 3000 meter hinder og same året vart tildelt kongepokalen i noregsmeisterskapen.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Engen deltok i ungdomsåra år i friidrett om sommaren og langrenn om vinteren, som medlem i respektive IF Sturla og Drafn. Etter kvart satsa han på friidrett og særleg hinderløping. I sitt fyrste år som senior gjorde han personbeste med 9.01,0 på 3000 m hinder. Lite trening gjorde 1969 til ein svak sesong.

Våren 1970 viste Engen heilt andre takter. Under landskampen Spania – Noreg 2. mai i Barcelona forbetra han sin personbeste til 8.41,8, spurtslått av den sterke spanjolen Javier Alvarez, men dømt føre landsmannen Sverre Sørnes på tredjeplass. Siste helga i juni fekk Sørnes og Engen på ny same tid då dei vart nummer 1 og 2 i landskampen mot Sverige, med 8.41,6 forbetra Engen seg med 0,2 sekund. Den 29. juli sletta Engen den norske hinderrekorden då han fylgde verdsrekordhaldaren Kerry O´Brien til oppløpssida ved eit stemne på Stockholm stadion. Tida 8.31,4 var norsk rekordforbetring med 7 sekund. Laurdag 15. august sette han meisterskapsrekord på distansen med 8.39,4 og vart tildelt kongepokalen.

Engen lukkast ikkje fylgje opp i 1971-sesongen, årsbeste 8.44,8. Og då 1972 vart eit svakt år på friidrettsbana valde han å trappe ned treninga.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]