Ståle Kyllingstad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ståle Kyllingstad
56451 Ståle Kyllingstad.jpg
Fødd 7. november 1903
Kvinesdal
Død

26. november 1987

Yrke bilethoggar
Ståle Kyllingstad på Commons

Ståle Kyllingstad (7. november 190326. november 1987) var ein norsk bilethoggar, glaskunstnar og designar. Han var kunstnerisk leiar ved Hadeland Glassverk i perioden 1936-1946 og er elles kjend for sitt engasjement for tilhøvet mellom kunst og arkitektur i tillegg til ei lang rekke eigne verk. Kyllingstad ivra mellom anna for at kunstnarane måtte komme tidlegare inn i planlegginga av nye bygg.

Ståle Kyllingstad var fødd i Kvinesdal kommune i Vest-Agder, men han voks opp på Soma i Høyland kommune i Rogaland. Han gjekk først ved Norsk KunsthandverksskuleVoss og studerte sidan ved Statens Kunstakademi. Etter dette drog han til Paris (1926), der han gjekk i lære hos den franske bilethoggaren Antoine Bourdelle. Kyllingstad debuterte på Haustutstillinga i 1927, like etter drog han til USA. Der arbeidde han òg saman med franske kunstnarar. Frå 1933 heldt han til på Austlandet, der han i 1936 vart knytt til Hadeland Glassverk på Jevnaker. Han fungerte òg i mange år som kunstmeldar i Nationen. I 1950 kjøpte han og busette seg på eigendommen Trygstad i Norderhov i Ringerike kommune, der han vart buande livet ut.

Kyllingstad hevda sjølv å ha hogge ut meir enn 800 tonn granitt i si tid. Han hogg meir enn hundre større kunstverk. Mange av desse var krigsminnesmerke. Elles er han mellom anna kjend for kjempehovudet av Aasmund Olavsson Vinje ved Eidsbugarden, «Havfruen» i Stavanger og bjørnane på bybrua i Hønefoss. Kyllingstad bidrog òg med glasarbeid i utsmykkinga av det norske cruiseskipet MY «Stella Polaris» frå 1927.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]