Ståle Stensaas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ståle Stensaas i Lillestrøm-drakt i 2008

Ståle Stensaas (fødd 7. juli 1971) er ein norsk tidlegare fotballspelar frå Trondheim, som i tida 1996-2006 vann ni seriemeisterskap og to noregsmeisterskap med Rosenborg BK. Mellom 2001 og 2005 spelte han ni landskampar på venstrebacken for Noreg.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Stensaas kom frå Nidelv til Rosenborg i 1991. Han debuterte for RBK i 1992, men fekk lite speletid dei fyrste sesongane. Det var fyrst i 1994 han etablerte seg på laget, og spelte nok kampar i eliteserien til å få serievinnermedalje. Også dei to påfylgjande sesongane vart han seriemeister, og stod for gode prestasjonar i Meisterligaen.

Sommaren 1997 vart Stensaas overført til skotske Rangers FC for i overkant av 20 millionar norske kroner. Han spelte mange kampar den fyrste sesongen, men dei neste to sesongane var han nærast uaktuell for laget. Bortsett frå eit par månader våren 1999 med dumpekandidaten Nottingham Forest i Premier League, spelte ikkje Stensaas toppfotball på to år.

Sommaren 2000 returnerte han til Rosenborg. På klubbnivå vann Stensaas fire nye seriemesterskap mellom 2001 og 2004. Sesongen 2005 mista han plassen i fyrsteellevaren til svenske Mikael Dorsin.

Våren 2007 gjekk Stensaas frå Rosenborg til Lyn. Etter ein god sesong i 2007 fekk han berre få kampar på Oslo-laget i 2008, så i slutten av juli månad 2008 gjekk ferda vidare til Lillestrøm SK og ei kort avslutningstid før han la opp.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

I januar 2001 fekk Stensaas sin landslagdebut i ein kamp mot Sør-Korea, avvikla i Hong Kong. Ein dryg månad seinare skåra han sitt einaste landslagsmål då Noreg gjesta Nord-Irland og vann 4-0 i ein privatlandskamp i Belfast. Etter sin tredje landskamp i mars 2001, måtte han vente til november 2003 før han atter kunne ta på den norske landslagsdrakta. EM-kvalifiseringskampen mot Spania enda med tap 0-3, men Stensaas fekk fleire privatlandskampar utover vintrane/vårane 2004 og 2005, slik at han enda med totalt ni kampar på det norske landslaget.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Seriemeister: 1994, 1995, 1996, 2000, 2001, 2002, 2003, 2004 og 2006 med Rosenborg
  • Cupmeister: 1995 og 2003 med Rosenborg

Kjelder[endre | endre wikiteksten]