Vindlausloftet

Koordinatar: 59°27′50.317″N 8°1′9.3468″E / 59.46397694°N 8.019263000°E / 59.46397694; 8.019263000
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Stålekleivloftet)

59°27′50.317″N 8°1′9.3468″E / 59.46397694°N 8.019263000°E / 59.46397694; 8.019263000

Stålekleivloftet
Foto: Sjur Fedje / Norsk Folkemuseum

Stålekleivloftet, også kalla Vindlausloftet, står på friluftsmuseet til Vest-Telemark Museum i Eidsborg og er det eldst daterte profane trebygget i Noreg. Tømmeret i det lafta loftet er årringsdatert til kort tid etter 1167. Det vil seie at tømmeret vart felt litt etter 1167 og at loftet kan ha vorte reist kring 1170.[1]

Loftet stod opphavleg på garden Lofthus i Eidsborg. Etter folketrua skal det vere det fyrste loftet som vart bygd i Eidsborg, og det skal ha vorte sett opp av sønene til ei rik kvinne som heitte Åse Stålekleiv. Det seiest at ho eigde det meste av bygda og hadde så mykje lintøy at loftet måtte byggjast for å romme alt. Området der loftet stod vart sidan ein eigen gard som fekk namnet Lofthus.[2]

Loftet vart flytt til Uppistog Vindlaus lenger vest i bygda kring 1820.[2] Garden Uppistog Vindlaus vart kjøpt av Eivind Tveiten i 1950. Tveiten og kona eigde alt grannegarden Nistog Vindlaus og dei gjorde Vindlausgardane om til Lårdal Bygdemuseum, som sidan har skift namn til Vest-Telemark Museum.[3]

Loftet hadde opphavleg ein svalgang bygd i stavverk kring andre høgda, men står no utan svalgang, noko som kan vere uheldig for vidare bevaring av bygget.[4]

Dateringa[endre | endre wikiteksten]

Loftet har lenge vore halde for å vere særleg gamalt. Det er bygd i teknikken findalslaft eller findalshogg[2], ein teknikk som gjekk or bruk med Svartedauden, noko som gjorde at Arne Berg på det grunnlag daterte loftet til før 1350 tidleg på 1990-talet.[4] Eit element som tok dateringa endå eit steg attende i tida er ei runeinnskrift ved sida av døra i andre høgda. Ho kan lesast «Desse runer riste Vestein. Heil både den som riste og likeins den som rår.» og vert datert til kring 1300.

Under arbeidet med boka Stavkyrkja i Eidsborg som Øystein Morten har skrive på oppdrag for mellom anna Vest-Telemark Museum, skulle det takast årringsprøvar for å freiste å tidfeste Eidsborg stavkyrkje betre, og ein tok i same slengen også prøvar av loftet som ligg ikkje langt unna. Det var avdelingsingeniør Jan Michael Stornes ved Norsk institutt for kulturminneforskning i Oslo som tok prøvane og dei vart analyserte av Terje Thun ved NTNU/Vitenskapsmuseet i Trondheim i 2007. Prøvane av stavkyrkja, som plar daterast til 1250–1280 på stilmessig grunnlag, gav ikkje noko eintydig svar, men det gjorde prøvane frå loftet. Dei ytste årringane og borkkanten mangla på tømmeret ein tok prøvar av, men Thun kunne likevel slå fast at det var felt kort etter 1167, og at loftet då truleg vart bygd kring 1170.[5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Vidare lesnad[endre | endre wikiteksten]

  • Jan Michael Stornes: «Vindlausloftet» i Fortidsminneforeningens årbok 2008