Stårheim kyrkje
| Stårheim kyrkje | |||
| kyrkje | |||
Foto: kirkenorge.no | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Fylke | Vestland | ||
| Kommune | Stad | ||
| Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
| Bispedøme | Bjørgvin | ||
| Prosti | Nordfjord | ||
| Sokn | Stårheim | ||
| Fellesråd | Stad | ||
| Type | Langkyrkje | ||
| Arkitekt | Chr. H. Grosch[1] | ||
| Material | Tre | ||
| Innvigd | 4. desember 1864[1] | ||
| Kyrkjegard | Ved kyrkja | ||
| Sitjeplassar | 340[1] | ||
![]() Stårheim kyrkje 61°55′07″N 5°45′57″E / 61.9186°N 5.7658°E | |||
| Wikimedia Commons: Stårheim kyrkje | |||
Stårheim kyrkje står på Stårheim i Stad kommune i Vestland, og er ei langkyrkje bygd i tre i 1864.[1]
Bygget, som har sitjeplassar til 340 personar, er ført opp etter teikningar laga av arkitekt Christian Heinrich Grosch.[1]
På kyrkjegarden står det ein minnestein som heidrar salmediktaren Matias Orheim.
Den fyrste Stårheim-kyrkja vart truleg sett opp på på fyrste del av 1100-talet som høgendekyrkje eller huskapell av stormannen Arne på Stofreimr.[1] Fyrste gongen ein finn Stårheim-kyrkja omtala i kjeldene er i 1338, då hadde nokon sett fyr på kyrkja. Dette var truleg ei stavkyrkje som stod til kring 1600.[2] Stavkyrkja vart erstatta av ei enkel tømra kyrkje som stod til dagens kyrkje skulle byggjast.
Stårheim kyrkje er soknekyrkje i Stårheim sokn i Nordfjord prosti.
Fotnotar
[endre | endre wikiteksten]- 1 2 3 4 5 6 Aaraas, Margrethe Henden. «Stårheim kyrkje». Kulturhistorisk leksikon. Fylkesarkivet i Vestland. Henta 2. mars 2021.
- ↑ ««Stårheim kyrkje» i NRK Sogn og Fjordane Fylkesleksikon». Vitja 21. januar 2009
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Om Stårheim sokn på nettstaden til Den norske kyrkja
- «Kirkebøker, Sogn og Fjordane» på nettstaden til Arkivverket
- Kart frå 1979 som viser kyrkjestader og soknegrenser, på nettstaden til Universitetet i Bergen
- Skanna kyrkjebøker frå Sogn og Fjordane på nettstaden til Arkivverket
- Oversyn over gravminne i Eid kommune på nettstaden disnorge.no
- Stårheim kyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
- «Stårheim kyrkje». Kirkesøk. Den norske kyrkja.
