Stéphane Diagana

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Stéphane Diagana i 2008

Stéphane Diagana (fødd 23. juli 1969) er ein fransk tidlegare friidrettsutøvar som høyrde med i verdseliten på langhekken i over ti år; 1992-2003. Han vart verdsmeister på 400 meter hekk i 1997 og europameister i same øvinga i 2002. I 2003 vann han VM-gull på 4x400 meter stafett for Frankrike. Hans personlege rekord på 47,37 sekundar er i 2014 framleis europarekord på distansen.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Diagana kvalifiserte seg til sin fyrste meisterskapsfinale under Sommar-OL 1992 i Barcelona. I ei tevling der Kevin Young frå USA sette verdsrekord med 46,78 sekundar, enda Diagana på fjerdeplass med 48,13, over tre tidels sekund unna bronseplassen. Det vart elles einaste gongen han deltok i Olympiske leikar, då han var skadd både i 1996 og 2000.

Også under verdsmeisterskapen 1993 i Stuttgart vart Diagana nummer fire. Med tida 47,64 vart han slått hårfint av Samuel Matete frå Zambia og Winthrop Graham frå Jamaica i kampen om sølv og bronse, dei fekk notert 47,60 og 47,62. Kevin Young vart verdsmeister.

I 1994 tok Diagana medaljar både på langhekken og den lange stafetten i EM i friidrett 1994 i Helsingfors. På 400 m hekk vart det bronse med 48,23, hundredelen bakom Sven Nylander frå Sverige. Avslutningsdagen spurta han Frankrike inn til sølv på 4x400 m stafett, ei to sekundar bakom EM-vinnar Storbritannia. Året etter vart Diagana bronsemedaljør også under VM 1995 i Göteborg. Tidlegare i 1995-sesongen, den 5. juli, sette han europarekord med 47,37 sekundar under eit stemne i Lausanne.

To år seinare vann Diagana 400 meter hekk i VM i Aten på tida 47,70. I den neste verdsmeisterskapen, VM 1999 i Sevilla berga han ein sølvmedalje med ein hundredels margin til bronsevinnaren og fjerdemann i tevlinga. Italienaren Fabrizio Mori vann ein klar siger.

Etter å ha stått over sommar-OL 2000 og VM 2001 kom Diagana tilbake og vart europameister i München i 2002. Han overbeviste stort på langhekken, med tida 47,58 slo han nestemann med godt over åtte tidels sekund. I 2003 mislukkast han for fyrste gong i å nå langhekk-finalen i eit stort meisterskap. Då skulle kome det til å mune betre i 4x400 meter stafett. Det franske laget som bestod av Leslie Djhone, Naman Keïta, Diagana og Marc Raquil sette fransk rekord og vart tildelt sølvmedaljar. Men året etter vart franskmennene tilkjend sigeren, då ein av løparane på USA sitt opphavlege vinnarlag var dopa.

Diagana la opp i 2004.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • OL 1992 i Barcelona: Nr 4 – 48,13
  • VM 1993 i Stuttgart: Nr 4 – 47,64
  • EM 1994 i Helsingfors: Bronsemedalje 400 m hekk – 48,23. Sølvmedalje 4x400 m stafett – 3.01,1, bakom Storbritannia (2.59,1)
  • VM 1995 i Göteborg: Bronsemedalje 400 m hekk – 48,14
  • VM 1997 i Aten: Gullmedalje 400 m hekk – 47,70, framom Llewellyn Herbert (47,86)
  • VM 1999 i Sevilla: Sølvmedalje 400 m hekk – 48,12, bakom Fabrio Mori (47,72)
  • EM 2002 i München: Gullmedalje på 400 m hekk – 47,58, framom Jiří Mužík (48,43)
  • VM i 2003 i Paris: Gullmedalje på 4x400 m stafett – 2.58,9. Utslått i semifinalane (48,64 =nr 9)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]