Stønnesbotnen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Stønnesbotnen (samisk Stohpovuotna) er ein fjordarm av Malangen på austsida av Senja i Lenvik kommune i Troms. Fjorden strekkjer seg 9 km sørvestover til Elveland i botn av fjorden.

Fjorden har innløp mellom Gamneset i vest og Storvikneset i aust. Bygda Botnhamn litt på vestsida av fjorden, like ved innløpet, og frå her går det ferje ut fjorden, over Malangen og til BrennsholmenKvaløya. Galnslåtta er ei grend på vestsida nesten inst i fjorden.

Riksveg 862 går langs vestsida av fjorden til Botnhamn. Frå her og vidare ut fjorden går Fv274. Inst i fjorden går Riksveg 861.