Stør

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Stør
Stør
Stør
Status
Status i verda: CR Kritisk truga
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Megaklasse: Beinfiskar Osteichthyes
Overklasse: Strålefinnefiskar Actinopterygii
Orden: Acipenseriformes
Underorden: Acipenseroidei
Familie: Størfamilien Acipenseridae
Slekt: Acipenser
Art: Stør A. sturio
Vitskapleg namn
Acipenser sturio

Stør (Acipenser sturio, også kjend som alminneleg stør, europeisk stør eller håstørje) er ein art i slekta Acipenser i størfamilien. Han er ein sterkt truga art.

Fisken blir vanlegvis 1–2 meter lang og veg 150 kg, men kan bli opptil 3,5 meter lang og 315 kg tung. Han blir opptil 40 år gammal. Hannen blir kjønnsmogen i ein alder av 12–14 år, hoa mellom 16 og 18 år.

Fisken et muslingar, krepsdyr, mindre fiskar og virvellause dyr han finn på botnen.[1]

Stør kan leva ved kysten av heile Europa bortsett frå Svartehavet. Han kan opptre heilt nord til Finnmark, men er svært uvanleg i norske farvatn.[1] Til liks med mange andre størar gyter han i elvar. Egg og yngelen lever i ferskvatn og estuar ei tid. Dei vandrar så ut til havet, der dei lever på grunt vann i 7–15 år.[1]

Rogn frå stør og nærskylde artar blir brukt til å laga kaviar.[1] Overfiske, fysiske barrierar frå demningar, sluser og vasskraftanlegg og ureining av elver har ført til ein sterk tilbakegang for arten, som framleis er truga. I dag finn ein berre gytande bestandar av arten i Ladoga i Russland, Gironde i Frankrike og Guadalquivir i Spania.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 Vøllestad, Leif Asbjørn; Halleraker, Jo Halvard (24. januar 2023). «stør». Store norske leksikon (på norsk). 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]