Støvkjuke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Støvkjuke
Støvkjuke
Støvkjuke
Systematikk
Rike: Soppriket Fungi
Rekkje: Stilksporesoppar Basidiomycota
Underrekkje: Hymeniesoppar Agaricomycotina
Klasse: Ekte hymeniesoppar Agaricomycetes
Orden: Poresoppordenen Polyporales
Familie: Fomitopsidaceae
Slekt: Mjølkekjuker Postia
Art: Støvkjuke P. ptychogaster
Vitskapleg namn
Postia ptychogaster

Støvkjuke (Postia ptychogaster) er ei kjuke som ein ofte finn på gran seint om hausten. Ho ser ut som ein hårete ball, (maks 5 cm), kvit eller skittenkvit med innslag av brun farge. Soppen er ei kjuke fordi han til tider kan danne eit porelag på undersida, men i slikt stadium er han ganske sjeldan.

I Noreg er det rapportert fleire funn av soppen til Norsk SoppDatabase. Han er svært sjeldan på Vestlandet, og ikkje rapportert funnen i Nord-Noreg. Som dei fleste kjuker er han ikkje rekna som matsopp.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]