Sandstorm

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Støvstorm)
Ein sandstorm som nærmar seg Al Asad i Irak i april 2005.

Ein sandstorm eller støvstorm er eit meteorologisk fenomen som er vanleg i tørre og halvtørre område der vind kan blese store mengder sand og støv. Slike sandstormar oppstår som regel av konveksjon i samband med kraftig oppvarming av jordoverflata, ofte i samband med langvarig tørke. Ei sky av drivande støv blir vanlegvis rekna for å vere ein sandstorm visst sikten er mindre enn 1000 m, og som alvorleg om sikten blir mindre enn 500 m.

Opphav[endre | endre wikiteksten]

Vanlegvis oppstår sandstormar i samband med konveksjon frå ei varm overflate. Desse straumane kan skape vind opp mot 120 km/t (33 m/s) og stormane er ofte så store at dei kan flytte heile sanddyner. Sandstormar kan føre med seg store mengder sand og støv, og framkanten kan av og til bli ein vegg som er 3000 m høg av sand som kan transporterast fleire tusen kilometer. Sandstormar oppstår ofte i Sahara i samband med den globale passatvinden. Desse blir òg kalla samum. Haboob (həbūb) er ein sandstorm som oppstår i Sudan. Tørke er ofte ein av dei medverkande årsakene til standstormar, i tillegg til dårleg jordbruk.

Konsekvensar[endre | endre wikiteksten]

Sandstorm som nærmar seg Stratford i Texas i 1935.

Sandstormar kan vere farleg for trafikken, spesielt på vegar som går gjennom tørre og flate område. I 1991 vart ein motorveg i San Joaquin-dalen i California råka av ein sandstorm med vind opp mot orkan styrke (33 m/s). Sikten blei redusert til ei halv billengde og førte til ein massiv kjedekollisjon som involverte 164 bilar, tok livet av 17 menneske og skada 151.

Sandstormar kan fjerne verdfull matjord, og sleppe den frå seg stader der den ikkje er ønska.

Simoom (sîmūm, sîmūn) kan føre til store mengder atmosfærisk støv over Europa. Sand frå Sahara som er ført opp i atmosfæren har av og til gitt raudfarga regn i Noreg. I tillegg skal sand frå Sahara påverke vekstvilkåra for plankton vest i Atlanterhavet, og i følgje enkelte forskarar vere ei viktig kjelde til sjeldne mineral for planter i Amazonas.

På andre planetar[endre | endre wikiteksten]

Ein svær global sandstorm som herja på Mars i 2001.

Sandstormar kan òg oppstå i stor skala på planeten Mars. Desse sandstormane varer lenger og dekkjer mykje større område enn på Jorda, og av og til kan dei dekke heile planeten og vare fleire hundre dagar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Sandstorm