Støytionisasjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Eit døme på eit elektron som støytioniserer og skapar eit nytt elektronhòl-par.

Støytionisasjon er ionisasjon av atom eller molekyl ved samanstøyt med akselererte partiklar. Dei primære partiklane kan stamme frå radioaktiv spalting, fotoelektrisk ionisasjon, termisk emisjon eller elektriske utladingar. Eit vilkår for støytionisasjon i ein gass der det verkar eit elektrisk felt, er at frie elektron kan røre seg såg langt i gassen at dei får tilstrekkeleg energi til å slå laus eit nytt elektron. Når spenninga er så høg at kvart fritt elektron i gjennomsnitt slår laus minst eit nytt elektron, vil det oppstå ein elektrisk utlading, som kan observerast som ein kortvarig gneiste, eller som ein sjølvstendig kontinuerleg utlading gjennom gassen, eventuelt ein lysboge. Forma for utladinga avheng av trykket i gassen og av den indre resistansen i straumkjelda.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]