Hopp til innhald

St. Andrews

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
St. Andrews
Cill Rìmhinn
Saunt Aundraes
by
Land  Skottland
Region Fife
Folketal 16 870 (27. mars 2011)[1]
Postnummer KY16
Retningsnummer 0 1334
Kart
St. Andrews
56°20′20″N 2°47′56″W / 56.338888888889°N 2.7988888888889°W / 56.338888888889; -2.7988888888889
Wikimedia Commons: St Andrews

Royal Burgh of St Andrews[a] er ein kystby i regionen Fife i Skottland. Han har kring 17 500 innbyggjarar og ligg på austkysten mot Nordsjøen mellom Edinburgh og Dundee. Byen er namngjeven etter apostelen Andreas, som på grunn av ein mistyding mellom dei latinske orda «Scotia» og «Scythia», vart adoptert som den skotske nasjonalhelgenen under anglifiseringa av Den heilage Andrew.

Byen vert ofte omtalt som «golfens mekka» fordi Royal & Ancient Golf Club of St. Andrews saman med USGA er organet til golfsporten for tolking og vedlikehald av golfreglane og dessutan fordi området St. Andrews Links med banane sine er kjent som den opphavlege heimstaden til golfsporten. Den kjende golfpioneren Tom Morris sr. (Old Tom Morris) ligg gravlagt på kyrkjegarden til byen saman med den kjende sonen sin Tom Morris jr.. Old Tom er spesielt kjent for sine mange gode banedesign, bl.a Prestwick, Royal Dornoch, Muirfield, Carnoustie, Royal County Down, Nairn, Cruden Bay og Machrihanish.

University of St Andrews vart grunnlagt i 1413 og er det eldste universitetet i Skottland og det tredje eldste i den engelsken-språklege verda. Det er òg eit av dei mest prestisjefylte universita i Storbritannia, rangert som nummer tre av The Guardian University Guide 2012.[2]

Byen var opphavleg ein piktisk festning før det vart ein kongeleg burgh i 1124.

St Andrews, sett frå toppen av St Rules Tower.
  1. skotsk-gælisk Cill Rìmhinn, skotsk Saunt Aundraes
  1. https://www.citypopulation.de/en/uk/scotland/S12000047__fife/. {{cite web}}: Missing or empty |title= (hjelp)
  2. The Guardian University Guide 2012

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: St. Andrews