St. Catherine's Down

Koordinatar: 50°35′36″N 1°18′17″W / 50.59335°N 1.30486°W / 50.59335; -1.30486
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
St Catherine's Down
fjell
Pepperpot på St. Catherine's Hill
Land  England
Region Isle of Wight
Høgd 237 moh.
Kart
St. Catherine's Down
50°35′36″N 1°18′17″W / 50.59335°N 1.3048611111111°W / 50.59335; -1.3048611111111
Wikimedia Commons: St Catherine's Down

St. Catherine's Down er nokre graskledde bakkar av kritIsle of Wight. Det ligg nær St Catherine's Point, det sørlegaste punktet på øya mellom byane Niton og Chale. Det er 240 meter på det høgaste.

På denne åsen ligg St. Catherine's Oratory, lokalt kalla «Pepperpot», eit steinfyr bygd på 1300-talet av Walter De Godeton. Det er det nest eldste fyret på Dei britiske øyane. Berre fyret i Dover, bygd av romarane, er eldre.

Hoy Monument på St. Catherine's Down

Visstnok vart de Godeton dømd for å ha teke vin som høyrte til kyrkja frå vraket av St. Marie av Bayonne i Chale Bay. Han måtte gjere bot og vart truga med bannlysing, så han bygde dette fyret. Fyret vart tent for å varsle skip om den farlege kysten.

Det vart bygd eit kapell ved fyret, men dette vart øydelagd for lenge sidan. Bygginga av eit nytt fyr starta i 1785, men det vart aldri ferdig. Lokalt vert dette uferdige fyret kalla «salt pot».

St. Catherine's Point er ofte dekt av skodde, så det er ikkje den beste staden å setje eit fyr.

Nord på St. Catherine's Down står Hoy Monument. Hoy Monument vart bygd av Michael Hoy i 1814 til minne om at den russiske tsaren hadde vitja Storbritannia. Det ligg ein plakett ved monumentet til minne om soldatane som miste livet i krimkrigen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

50°35′36″N 1°18′17″W / 50.59335°N 1.30486°W / 50.59335; -1.30486