Sint Eustatius

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå St. Eustatius)
Sint Eustatius
øy
Flagg
Symbol
Land  Nederland
Del av Karibisk Nederland, Leewardøyane, Små Antiller, Karibia
Areal 21 km²
Folketal 3 293 (1. januar 2023)[1]
Kart
Sint Eustatius
17°28′0″ N 62°58′0″ W
Wikimedia Commons: Sint Eustatius

Sint Eustatius (òg kjent som Saint Eustace og Statia) er ei øy i Karibia som høyrer til Nederland. Øya har status som nederlandsk kommune med særstatus. Sint Eustatius utgjorde til 10. oktober 2010 ein del av Dei nederlandske Antillane. Øya ligg austom Dei amerikanske Jomfruøyane, har ein folkesetnad på 2768,[2] og er kalla opp etter den katolske helgenen Eustachius. Hovudstaden til øya er Oranjestad.

Kartet viser plasseringa til Sint Eustatius i forhold til Saba og Sint Maarten og Saint-Martin på øya St. Martin.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Øya vart oppdaga av Kristoffer Columbus i 1493 og fleire land gjorde krav på øya i dei neste 150 år. I 1636 vart øya kolonisert av Det nederlandske Vestindiske kompaniet, som anla sukkerplantasjar på øya.

På 1700-talet vart øya kjent som Golden Rock då økonomien fekk eit kraftig oppsving på grunn av at øya ignorering våpen- og handelsembargoen mellom stormaktene, som på den tida var i krig mot kvarandre om blant anna herredømet i Karibia.

Sidan øya selde våpen og ammunisjon til alle som kunne betale, var øya ein av dei få stadene Dei tretten koloniane kunne få kjøpt våpen. Det gode tilhøvet mellom Sint Eustatius og USA førte til ein episode der kommandør De Graaff på øya vedtok å svare på salutt frå det amerikanske skipet USS «Andrew Doria» som vitja øya 16. november 1776. USA gav denne salutten stor publisitet sidan øya de facto hadde anerkjent sjølvstendet til USA.

Storbritannia tok ikkje denne hendinga alvorleg, men fortsette protesten sin mot handelen mellom øya og USA. Handelen mellom desse to var hovudårsaken til han den fjerde engelsk-nederlandske krigen, som vart katastrofal for nederlandsk handel.

Hamna Sint Eustatius.

Storbritannia okkuperte Sint Eustatius den 3. februar 1781. Kommandør de Graaff som på det tidspunktet ikkje var klår over krigserklæringa, såg raskt at han ikkje kunne kjempe imot angrepsmakta og overgav øya til den britiske admiralen George Brydges Rodney. Ti månader etterpå vart øya erobra av Frankrike, som var i allianse med nederlendarane. Nederland fekk kontroll over øya i 1784.

I sine velmaktsdagar hadde Sint Eustatius ein folkesetnad på opptil 20 000. I tida etter har folketalet gradvis falle ned til 3600.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]