St. Govan's Chapel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
St. Govan's Chapel

St. Govans kapell
Offisielt namnSt. Govan's Chapel
StadSt. Govan's Head i Pembrokeshire i Wales
Påbegynt500-talet
Grunnflate22,5 m²
Etasjar1
Rom1
Kart
St. Govan's Chapel
51°35′55″N 4°56′12″W / 51.5987°N 4.93673°W / 51.5987; -4.93673

St. Govan's Chapel er eit kapell ved St. Govan's Head i Pembrokeshire sør-vest i Wales.

Kapellet er bygd inn til ei kalksteinsklippe, og bygningen har mål på ca. 6,1 x 3,7 meter med vegger bygd av kalkstein, og består berre av eit rom.[1] Størstedelen av kapellet vart bygt på 1200-talet, sjølv om delar av det moglegvis kan vere eldre og stamme frå det 500-talet, då munken Govan flytta inn i ei hòle der kapellet no ligg. Ei legende vil ha det til at heilage Govan er gravlagd under altaret til kapellet, som ligg i austenden av bygningen.[2] Inngangen er via ei dør i nordenden, låge steinbenkar gårlangs nord- og sørveggane, og det er eit tomt oppheng for ei klokke i vestenden.[3] Ein rekner med at skifertaket er av nyare dato samanlikna med resten av bygningen.[3]

Bygningen er tilgjengeleg frå toppen av klippene ved å klatre ned 52 trappetrinn,[4] sjølv om turistaktørar gjerne spreier myten om at det er ulike tal trinn opp og ned om ein tel.[5]

Bygningen vart verna med såkalla Grade I status 2. august 1996. I dag ligg bygningen innanfor skytefeltet til det britiske forsvaret Castlemartin East Firing Range, noko som avgrensar tilgjenget til bygningen når skytefeltet er i bruk og stengt for allmugen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. The Beauties of England and Wales, or, Delineations, topographical, historical, and descriptive, of each county, Volume 18. 1815. s. 805. 
  2. «St Govan's Chapel». 
  3. 3,0 3,1 «St Govan's Chapel». Coflein. Royal Commission on the Ancient and Historical Monuments of Wales. 
  4. An Inventory of the Ancient Monuments of Wales and Monmouthshire: VII - Country of Pembroke. His Majesty's Stationery Office. 1925. s. 21. 
  5. «St. Govan's Head - Walk 6» (PDF). Pembrokeshire Coast National Park. Arkivert frå originalen (PDF) 27. september 2013. Henta 28. juni 2014. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: St. Govan's Chapel