St. James's Park

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Buckingham Palace frå St. James's Park

St. James's Park er ein av dei kongelege parkane i City of Westminster, rett aust for Buckingham Palace og vest for Downing Street. St. James's Palace ligg i nord.

Parken er omslutta av The Mall i nord, Horse Guards Parade i aust og Birdcage Walk i sør. Parken har eit tjern, St. James's Park Lake, med to små øyar, Andeøya (oppkalla etter samling av vassfuglar i tjernet) og Vestøya. Ei bru som kryssar tjernet byr på utsikt til Buckingham Palace omgjeve av tre og fontenar.

Dei nærmaste undergrunnsstasjonane er St. James's Park og Westminster.

Parken blei arva som sumpmark av Henrik VIII, som fekk den omgjort til hjortereservat. Den blei opna for publikum av Karl II.

St. James's Park er den austlegaste av ein nesten uavbroten kjede av parkar som òg omfattar (vestover) Green Park, Hyde Park og Kensington Gardens.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]