St. Louis Blues

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
«St. Louis Blues»
Låtskrivar W. C. Handy
Publisert 1914
St. Louis Blues: 9 taktar, tenorsaksofon

«Saint Louis Blues» er ein populær amerikansk song, komponert av W.C. Handy i bluesstil og publisert i september 1914. Han har vore ein grunnleggande del av repertoaret til jazzmusikarar i årevis. Det var ein av dei første bluessongane som vart til ein popsong. Han har blitt framført av mange artistar i forskjellige sjangrar, frå Louis Armstrong og Bessie Smith til Count Basie, Glenn Miller, Guy Lombardo og Boston Pops Orchestra. «St. Louis Blues» er blitt kalla «jazzmannen sitt svar på Hamlet».[1]

Ein versjon frå 1925 vart sungen av Bessie Smith, med Louis Armstrong på kornett, og vart innlemma i Grammy Hall of Fame i 1993. Versjonen frå 1929 av Louis Armstrong & His Orchestra (med Henry «Red» Allen) vart innlemma i 2008.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Handy sa han var inspirert av eit tilfeldig møte med ei kvinne i gatene i St. Louis som var forvirra over at ektemannen var borte og sa «Ma man's got a heart like a rock cast in de sea», som er ei viktig linje i songen.[2][3]

Songen var ein massiv suksess. Då Handy døydde i 1958 tente han opp mot 25 000 amerikanske dollar i året i honorar for songen, som tilsvarar kring 200 000 dollar i 2016.[4]

Framføringar[endre | endre wikiteksten]

Saint Louis Blues
Singel av Bessie Smith
Utgjeve 1925
Innspelt New York City, 14. januar 1925
Sjanger Blues
Lengd 3:11
Selskap Columbia (14064-D)
Låtskrivar(ar) W. C. Handy

Det har lenge vore sagt at Ethel Waters var den første til å syngje «Saint Louis Blues» offentleg.[5] Men historikarane Lynn Abbott og Doug Seroff skriv at den første songaren som framførte «St. Louis Blues» var Charles Anderson, ein populær kvinnelig imitator som inkluderte songen i showet sitt så tidleg som oktober 1914.[6]

Forskaren Guy Marco skreiv i Encyclopedia of Recorded Sound in the USA at den første lydinnspelinga av «Saint Louis Blues» vart gjort av Al Bernard i juli 1918 for Vocalion. Men husbandet til Columbia Records, dirigert av Charles A. Prince, hadde alt spelt inn og gjeve ut ein instrumental versjon i desember 1915. Bernard sin versjon kan ha vore den første amerkanske utgåva med vokal og test, men Ciro's Club Coon Orchestra, ei gruppe svarte amerikanske artistar i Storbritannia, hadde alt spelt inn ein versjon med tekst i september 1917.

Sidan 1910-åra har «Saint Louis Blues» blitt spelt mykje som både song og instrumntal.

Mange av dei mest kjende jazzartistane har spelt «Saint Louis Blues». Lista under ei ufullstendig liste over somme av dei.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Stanfield, Peter (2005). Body and Soul: Jazz and Blues in American Film, 1927–63. University of Illinois Press. s. 83. ISBN 0-252-02994-1. Henta 6. juli 2017. 
  2. [1] Mal:Webarchive
  3. Handy 1941, s. 119
  4. «American Memory from the Library of Congress – List All Collections». http://memory.loc.gov/cgi-bin/query/S?ammem/aasm:@field(TITLE+@od1(St++Louis+blues+). Henta 2015-12-30. 
  5. Britannica, Encyclopedia (6. juli 2017). «Ethel Waters: Sweet Mama Stringbean». Encyclopædia Britannica. https://www.britannica.com/biography/Ethel-Waters. 
  6. Freeland, David (July 1, 2009). «Behind the Song St Louis Blues». American Songwriter. http://americanlåtskrivar.com/2009/07/behind-the-song-st-louis-blues/. 
  7. Russell, Tony (1997). The Blues: From Robert Johnson to Robert Cray. Dubai: Carlton Books. s. 12. ISBN 1-85868-255-X. 
  8. Ginell, Cary (1994). Milton Brown and the Founding of Western Swing. University of Illinois Press. pp. 245, 246. ISBN 0-252-02041-3.
  9. «Clarence Williams & the Blues Singers Vol 2 1927–1932». Document-records.com. http://www.document-records.com/fulldetails.asp?ProdID=DOCD-5376. Henta 2014-09-13. 
  10. «Katherine Henderson Songs». Allmusic. http://www.allmusic.com/artist/katherine-henderson-mn0000121397. Henta 2014-09-13. 
  11. «Walter Brennan (1894–1974)». http://www.imdb.com/name/nm0000974/?ref_=tt_cl_t3. Henta 2015-07-03. 
  12. «Theresa Harris (I) (1906–1985)». http://www.imdb.com/name/nm0365382/?ref_=ttfc_fc_cl_t29. Henta 2015-07-03. 
  13. «Banjo on My Knee (1936): Soundtracks». http://www.imdb.com/title/tt0027331/soundtrack. Henta 2015-07-03. 
  14. «Laurie Annie: Encyclopedia of Popular Music Oxford Reference». Oxfordreference.com. 2012-02-17. http://www.oxfordreference.com/view/10.1093/acref/9780195313734.001.0001/acref-9780195313734-e-15890. Henta 2013-03-12. 
  15. «Pearls overview». Allmusic.com. http://www.allmusic.com/album/r1393571. 
  16. Daughter Maitland - St. Louis Blues (Boardwalk Empire)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikisource

Originaltekst av St. Louis Blues ved Wikisource.