St. Louis County i Minnesota

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
St. Louis County
county
SLCCH.jpg
Land Flag of the United States.svg USA
Folketal 200 226 (2010)

St. Louis County i Minnesota
47°35′ N 92°28′ W
St. Louis County i Minnesota
St. Louis County i Minnesota
Wikimedia Commons: St. Louis County, Minnesota

St. Louis County er eit fylke nordaust i den USA-amerikanske delstaten Minnesota. Fylket har eit areal på 17 800km², 9 % av arealet er dekt av vatn.[1] Det er det største fylket Minnesota og det størst (etter totalareal) i USA aust for Mississippi-elva.

Veg og landskap i St. Louis County

Fylket vart grunnlagt i 1855. Området var opphavleg folkesett av algonkinsk-talande folk: Ojibwe- (chippewa), ottawa- og potawatomifolk som var laust samanknytte gjennom Rådet av tre bål (Council of Three Fires). Etterkvart som amerikanske nybyggjarar slo seg ned i området blei urfolka trengde bort.

Ved folketeljinga i 2010 hadde St. Louis County 200 226 innbyggjarar.[2] Fylkesadministrasjonen held til i Duluth, største byen i fylket. Ved folketeljinga i 2000 vart 24,3 % av ibuarane registrert som tyskætta, 15,9 % norskætta, 13,0 % svenskætta og 10,2 % av irsk ætt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «2010 Census Gazetteer Files». US Census Bureau. August 22, 2012. Arkivert frå originalen 21. september 2013. Henta October 25, 2014. 
  2. «State & County QuickFacts». United States Census Bureau. Henta September 1, 2013.