St. Louis to Liverpool

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
St. Louis to Liverpool
Studioalbum av Chuck Berry
Språk engelsk
Innspelt Desember 1957 – august 1964 i Chess Studios i Chicago
Sjanger rock and roll
Lengd 31:34
Selskap Chess
Produsent Leonard Chess, Philip Chess
Chuck Berry-kronologi 
Two Great Guitars
(1964)
St. Louis to Liverpool Chuck Berry in London
(1965)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic5/5 stars [1]

St. Louis to Liverpool er det sjuande studioalbumet og det tiande totalt av rock and roll-artisten Chuck Berry, utgjeve i 1964 på Chess Records. Det nådde 124. plassen på Billboard-albumlista, og var det første av Berry sine studioalbum som gjekk inn på denne lista. Musikkritikaren Dave Marsh kalla det «ei av dei beste rock and roll-platene som nokon gong er laga».[2]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Den 18. oktober 1963 slapp Berry ut av fengsel etter å ha sete inne i 20 månader for å ha transportert ein mindreårig over ei delstatsgrense for «umoralske føremål».[3] Medan han sat i fengsel hadde fleire unge rockgrupper funne inspirasjon i musikken hans. Beach Boys hadde basert den store hitsingelen sin «Surfin' U.S.A.» på hans «Sweet Little Sixteen»; Beatles hadde spelt inn «Roll Over Beethoven» på det andre amerikanske albumet deira; debutsingelen i Storbritannia av Rolling Stones var ein versjon av «Come On» og dei hadde inkludert «Carol» på det første amerikanske albumet deira, England's Newest Hitmakers.

Berry og Chess Records ønskte å utnytte denne populariteten hans under den britiske bølgja, og gav ut dette albumet for å appellere til unge kjøparar. St. Louis to Liverpool inneheld fire av fem singlar han gav ut i 1964, det siste året han fekk fleire singlar inn på Billboard Hot 100: «No Particular Place to Go», «You Never Can Tell,» «Promised Land» og «Little Marie,» ein oppfølgjar til «Memphis, Tennessee». Dei fire b-sidene til desse singlane kom òg ut på albumet i tillegg til «Our Little Rendezvous», ei B-side frå 1960, «Merry Christmas Baby» som var eit alternativt opptak av julesingelen hans frå 1958 som ikkje var gjeven ut før, ein instrumental frå 1950-åra og «Liverpool Drive», som var ein nyare instrumental.

I 2004 gav Chronicles-avdelinga til Universal Music Group ut albumet på ny på CD med tre bonusspor.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Chuck Berry, utanom der andre er nemnde.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Little Marie»2:37
2.«Our Little Rendezvous»2:03
3.«No Particular Place to Go»2:44
4.«You Two»2:11
5.«Promised Land»2:24
6.«You Never Can Tell»2:43
Side to
Nr.TittelLengd
1.«Go Bobby Soxer»2:59
2.«Things I Used to Do» (Eddie Jones)2:42
3.«Liverpool Drive» (instrumental)2:56
4.«Night Beat» (instrumental)2:46
5.«Merry Christmas Baby» (Lou Baxter, Johnny Moore)3:14
6.«Brenda Lee»2:15
Bonusspor på 2004-utgåva
Nr.TittelLengd
13.«Fraulein» (Lawton Williams)2:51
14.«O'Rangutang» (instrumental)3:02
15.«The Little Girl from Central» (tidleg utgåve av «Brenda Lee»)2:39

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

  • Chuck Berry — vokal, gitarar
  • Matt «Guitar» Murphyelektrisk gitar på «Our Little Rendezvous»
  • Johnnie Johnsonpiano på «Our Little Rendezvous», «You Never Can Tell», «Things I Used to Do», «Merry Christmas Baby», «Fraulein», «O Rangutang», og «The Little Girl from Central»
  • Lafayette Leake — piano på «Promised Land», «Night Beat» og «Brenda Lee»
  • Paul Williams — piano på «No Particular Place to Go», «You Two» og «Liverpool Drive»
  • Willie Dixonbass på «Our Little Rendezvous», «Promised Land», «Night Beat», «Merry Christmas Baby» og «Brenda Lee»
  • Odie Paynetrommer
  • Fred Below — trommer på «Night Beat» og «Merry Christmas Baby»
  • Ebby Hardy or Jaspar Thomas — trommer på «Our Little Rendezvous»
  • Leroy C. Davis — tenorsaksofon på «Our Little Rendezvous», «You Never Can Tell», «Fraulein' og «O Rangutang»
  • James Robinson — tenorsaksofon on på «You Never Can Tell», «Fraulein» og «O Rangutang»
Teknisk personell

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Album

År Liste Plassering
1965 Billboard Pop Albums 124

Singel

Year Single Liste Position
1964 «Little Marie» Billboard Black Singles 54
1964 «No Particular Place to Go» Billboard Black Singles 10
1964 «You Never Can Tell» Billboard Black Singles 14
1965 «Promised Land» Billboard Black Singles 41

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. St. Louis to LiverpoolAllmusic
  2. Marsh, Dave; Swenson, John (Editors). The Rolling Stone Record Guide, 1st edition, Random House/Rolling Stone Press, 1979, p. 33.
  3. Scoppa, Bud (2004). Liner notes for St. Louis to Liverpool. Universal Chronicles B0001687-02.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]