St. Magnuskatedralen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
St. Magnuskatedralen

St. Magnuskatedralen i Kirkwall fotografert i 2007.
Stilromansk stil
Kart
St. Magnuskatedralen
58°58′53″N 2°57′36″W / 58.9814°N 2.9599°W / 58.9814; -2.9599
Hovudinngangen, fotografert i 2008
Kyrkjeskipet, fotografert i 2005
Eksempel på dekorative element ved bruk av skiftevis raud og gul sandstein.
Grunnriss av Magnuskatedralen, som viser dei ulike byggestega. Illustrasjonen er henta frå boka Monvmenta Orcadica av arkitekt Johan Meyer (Kristiania 1906)

St. Magnuskatedralen er ein katedral i KirkwallOrknøyane,[1] reist over Magnus den heilage.[2] Arbeidet med å bygge katedralen vart starta i 1137 av orknøyjarlen Ragnvald Kale Kolsson (St. Ragnvald). Det gjekk meir enn 300 år før kyrkjebygget stod fram som ferdig.

Forhistoria[endre | endre wikiteksten]

Ein reknar med at det første bispesetet på Orknøyane var i BirsayMainland, og den første katedralen var Kristkyrkja som orknøyjarlen Torfinn Sigurdsson let bygge der i byrjinga av 1050-åra, slik det er nemnt i Orknøyingasoga.[3] (kapittel 31) Sonesonen hans, Magnus Erlendsson jarl, vart drepen av mennene til Håkon Pålsson jarl omkring 1115 og vart gravlagd ved Kristkyrkja. Etter at han var blitt erklært heilag omkring 1136, vart leivningane av han flytta til Kirkwall og truleg sett inn i St. Olav-kyrkja der.[4] Om lag samstundes, i funksjonstida til biskop Vilhelm den gamle, vart bispesetet flytta til Kirkwall og bygginga av ein ny katedral tok til.

I samband med striden som Ragnvald Kale Kolsson førte for å bli jarl, er det nemnt i Orknøyingasoga[5] at han fekk råd frå far sin, Kol Kalesson, om at han måtte søke hjelp hos morbroren, den heilage Magnus, og at han skulle love å bygge ei steinkyrkje til han i Kyrkjevåg (Kirkwall) som det ikkje skulle finnast maken til der i landet. I 1136 var Ragnvald blitt den nye orknøyjarlen og han heldt lovnaden sin; året etter sette han i gang byggearbeidet.[6] Kol Kalesson var med på å skaffe midlar til bygginga, og det var han som la dei første planane for utforminga av bygget. Truleg var biskop Vilhelm den gamle frå første dag sterkt involvert i prosjektet.

Kyrkjebygget[endre | endre wikiteksten]

Katedralen er ei krosskyrkje i romansk og gotisk stil og ho er, slik kyrkja står i dag, 72 meter lang og 17 meter brei (ikkje medrekna tverrskipet). Ho er hovudsakleg bygt av raud sandstein, med dekorative element av gul sandstein som har gitt bygget ein særmerkt og tiltalande utsjånad. Ein trur at steinarbeidet vart utført av engelske murarar som hadde vore med på å bygge katedralen i Durham i åra 1093–1133.[7]

Omkring 1150 var koret ferdig, tverrskipet var ferdig opp til triforium, men sjølve kyrkjeskipet var berre halvferdig. Innan denne tida var truleg relikviane etter Magnus den heilage blitt flytta inn i kyrkja og plassert i eit skrin ved altaret. Ragnvald jarl døydde i 1158 og biskop Vilhelm døydde ti år seinare, og etter den tida vart det ein stogg i byggearbeidet. I 1188 vart Bjarne Kolbeinsson biskop på Orknøyane. Han heldt fram med bygginga av kyrkja, men gjorde òg store endringar i utforminga, mellom anna gjorde han både koret og skipet større. Etter at han døydde, heldt byggearbeidet fram under dei seinare biskopane i meir enn 200 år, og bygget vart utvida og påbygd fleire gonger. Ein reknar med at kyrkja var fullført omkring 1450.

Oppføringa av Magnuskatedralen vart byrja eit par tiår før Nidarosdomen i Trondheim. Bygget er litt mindre enn Nidarosdomen, men i middelalderen var dei to kyrkjene dei største byggverka i Noreg. Før reformasjonen (1536) var Magnuskatedralen domkyrkje for biskopen på Orknøyane, som hadde setet sitt i Kirkwall.

Ragnvald jarl vart drepen i august 1158 ved Torså (Thurso) på nordkysten av Caithness i Skottland og liket vart ført til Kirkwall og gravlagd ved Magnuskatedralen.[8] Det vart seinare fortalt om mirakel ved grava hans, og i 1192 vart han lyst heilag av biskop Bjarne Kolbeinsson, «med løyve frå paven»; liket vart grave opp og leivningane plassert inne i katedralen.

Etter reformasjonen var det fare for at relikviane etter dei to helgenane, sankt Magnus og sankt Ragnvald, skulle bli øydelagde, men dei er seinare blitt funne og er i dag murt inne i to av pillarane i katedralen.[9]

Magnuskatedralen blir sagt å vere den best bevarte bygninga frå mellomalderen i Skottland. Katedralen blir i dag mykje brukt til konsertar, foredrag og andre tilstellingar, og særleg i sumarmånadane blir han vitja av mange turistar. Han er ein viktig arena for den verdskjende St Magnus Arts Festival,[10] som blir arrangert rundt midtsumar kvart år.

Ein kuriositet: Magnuskatedralen skal vere den einaste katedralen på dei britiske øyane som har eit eige fangehol.[11] Rommet blir kalla «Marwick’s Hole», og var i bruk så seint som i det attande hundreåret. Opphavet til tilnamnet er ikkje kjent.

Bispesetet[endre | endre wikiteksten]

Dei fungerande biskopane ved bispesetet i Kirkwall (The Diocese of Orkney[12]), var frå dei tidlegaste tider utnemnd av erkebiskopen i Hamburg-Bremen, eller av norske kongar, og etter 1153 av erkebiskopen i Nidaros. Nedanfor er ei oversikt over biskopar som fungerte under norsk styre, fram til 1382:

William I (Vilhelm den gamle) – 1102-1168
William II – 1168-1188
Bjarni (Bjarne Kolbeinsson) – 1188-1223
Jofreyr – 1223-1247
Henry I – 1248-1269
Peter – 1270-1284
Dolgfinnr - 1286-1309
William III - 1310-1328
N.N. - 1328-1369
William IV – 1369-1382

Biskopane etter 1382 var utnemnd av paven i Roma/Avignon.

I 1688 vart episkopatet avskaffa i Skottland og Kirkwall var dermed ikkje lenger bispesete. Teknisk sett er difor Magnuskatedralen i Kirkwall i dag ikkje ein katedral, men fungerer som ei protestantisk og presbyteriansk soknekyrkje i Den skotske kyrkja (Church of Scotland[13]). Kyrkjebygget er i dag eigd av Kirkwall by («The Royal Burgh of Kirkwall»). Bispedømmet i Aberdeen og Orkney (The Diocese of Aberdeen and Orkney[14]) eksisterer framleis, og i Kirkwall er hovudkyrkja i dag St. Olavs Kyrkje.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. St Magnuskatedralen i Store norske leksikon
  2. Saint Magnus of OrkneyCatholicSaints.Info
  3. Orknøyingasoga omsett av Gustav Indrebø (Oslo 1929)
  4. «The Northern Earldoms» side 206/207
  5. Orknøyingasoga, kapittel 68 - om rådet frå Kol Kalesson.
  6. Magnuskatedralen Bygginga – historisk oversikt.
  7. St. Magnus Cathedral The Building
  8. Orknøyingasoga, kapittel 103 og 104 – Ragnvald jarl vart drepen og seinare lyst heilag.
  9. NOTES ON DISCOVERIES IN ST MAGNUS CATHEDRAL av JOHN MOONEY, P.S.A.ScoT (1924)
  10. St Magnus Arts Festival
  11. «Kirkwall in the Orkneys» - om Marwik’s Hole: side 30
  12. THE DIOCESE OF ORKNEY Under norsk styre fram til 1382
  13. Church of Scotland
  14. The Diocese of Aberdeen and Orkney, arkivert frå originalen 20. desember 2016, henta 16. desember 2016 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]