St. Olavsloppet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Veksling i St. Olavsloppet, her ved Steinvikholmen i Stjørdal kommune

St. Olavsloppet er ein tradisjonsrik stafett som går mellom Trondheim og Östersund, høvesvis i Trøndelag og Jämtland. Östersund og Trondheim skiftar kvart år på å vere start- og målstad. Løpet har blitt arrangert sidan 1987.

Mellom dei deltakande laga finn ein både profesjonelle lag, lokale idrettslag og andre. Løpet går gjennom Sør-Trøndelag, Nord-Trøndelag og Jämtlands län.

Stafetten vert arrangert i juli månad kvart år, og er oppkalla etter Olav den Heilage, eller St. Olav. Løpet følgjer Olavsleden.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]