Saint-Tropez

Koordinatar: 43°16′N 6°38′E / 43.267°N 6.633°E / 43.267; 6.633
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå St. Tropez)
Saint-Tropez, Héraclée
Horisonten til Saint-Tropez
Horisonten til Saint-Tropez
Byvåpenet til Saint-Tropez
Styresmakter
Land
Region
Departement
Frankrike
Provence-Alpes-Côte d'Azur
Var
Geografi
Flatevidd 11,18 km²
Flatevidd
 - By

11,18 km²
Innbyggjarar
 - By (1999)
   - folketettleik

5 542
  496/km²
Koordinatar 43°16′N 6°38′E / 43.267°N 6.633°E / 43.267; 6.633
Høgd over havet 15 m
Tidssone CET (UTC+1)
Diverse anna
Postnummer 83990
Heimeside: https://www.saint-tropez.fr/
Plassering

Saint-Tropez er ein liten by og kommune på Den franske rivieraen ved Middelhavet i Frankrike. Han ligg i departementet Var i regionen Provence-Alpes-Côte d'Azur.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Segna seier at namnet «Saint-Tropez» kjem frå St. Torpes, ein martyr som nekta å gi opp trua si. Han fekk avhogd hovudet, og kroppen hans vart kasta i ein båt, som dreiv i land på staden som ein no kallar Golfe de Saint-Tropez.

Mellom 1470 og 1672 vart Saint-Tropez effektivt styrt som ein sjølvstendig republikk av kapteinar frå lauga i byen, som vart vald av innbyggjarane. Kapteinen styrte mellom anna over ein ståande hær, som jaga bort ein flåte av spanske gallionar i 1637. Området vart heller ikkje pålagd skatt av det franske styret på denne tida. Dette privilegiet vart derimot avskaffa av Kong Louis XIV, som fekk byen inn under fransk kontroll. Den japanske samuraien Hasekura Tsunenaga, som var på veg til Roma, vitja Saint-Tropez i september 1615, noko som skal ha vore det første møtet mellom franskmenn og japanarar.

I 1920-åra trekte Saint-Tropez til seg internasjonale stjerner frå moteverda. Under den andre verdskrigen, den 15. august 1944, var der her dei allierte gjekk i land under Operasjon Dragoon, der dei invaderte Sør-Frankrike. Etter krigen vart byen ein ferieby for franske eksistensialistar. Det var derimot i 1950-åra, delvis på grunn av Brigitte Bardot og filmserien Le Gendarme de Saint-Tropez, at byen vart internasjonalt kjend.

I dag[endre | endre wikiteksten]

Saint-Tropez ligg ved det blå vatnet i Golfe de Saint-Tropez, og er ein stad som trekkjer til seg luksusbåtar, internasjonale kjendisar, filmstjerner, popartistar og milliardærar, i tillegg til titusenvis av turistar. Ved hamna ligg ein promenade med kafear, der turistar og kjendisar kjem for å sjå og bli sett. Nattelivet er svært livleg, og ein kan ofte sjå helikopter som fraktar elegante gjester til private festar i ein av dei mange luksuriøse villaene i bukta.

Ymse[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]