St Alban's Head

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 50°34′44″ N 2°3′23″ W

Kalkklipper ved St Alban's Head

St Alban's Head er eit nes fem kilometer sørvest for Swanage, på kysten av Dorset i England. Neset består av portlandssandstein og er den sørlege delen av Purbeckhalvøya. Det er hogge ut mykje stein frå neset og det er tydelege spor etter dette.

Kysten frå St Alban's Head til Durlston Head, med Isle of Portland til Studland Cliffs, dannar ei 40 km lang samanhengande kystlinje av klipper. Dei består av hard kalkstein med enkelte område med mjukare klipper av sand eller leire.

Området er erklært Special Area of Conservation, eit særskilt verneområde.

I skråninga på neset står eit monument til utviklinga av radaren under den andre verdskrigen. Det står òg ein kystvaktstasjon på neset.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]