St Catherine's Island

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
St. Catherine's Island, november 2001
St. Catherine's Island ved lågvatn

St Catherine's Island (walisisk Ynys Catrin) er ei lita tidvassøy som er landfast med Tenby i Pembrokeshire i Wales via ei strand ved lågvatn. På øya står Palmerston fort, bygt for å verne Pembroke Dock og ferdig i 1870. I 1907 vart øya seld til private eigarar for 500 pund. St. Catherine's Fort har fire soverom, 16 kanontårn og ein gammal banketthall med ein statue av dronning Victoria og ein gammal delvis øydelagd rustning. I kjellaren var det tidlegare opp mot 444 tønner krut. Ein gong var det òg ein liten dyrehage i fortet.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • [1] Tenby Civic Society - St. Catherine's Island
  • [2] St Catherine's Fort and Island, Tenby.
  • [3] St Catherines Fort, tekniske data

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 51°40′14″N 4°41′34″W